Hopp til innhold

Han har travle dagar for at du skal få det fint i hagen

At fruktbare Lærdal byr på det meste av frukt, grønt og bær er ingen løyndom, men at bygda også har sitt eige blomstergartneri visste du kanskje ikkje?

Lærdal og Amble gartneri

GRØNE FINGRAR: Gjennom vinteren har Øystein Bratteteig dyrka fram somarblomane som lyser opp i Lærdalshagane.

Foto: åsta Urdal / nrk

Midt i bygda ligg Lærdal og Amble gartneri, der gartnarparet Øystein Bratteteig og Berit Vangen dyrkar og sel eigne plantar. Til liks med bøndene er det no, på vår og forsommar, at gartnarane har det travlast.

– Ei natt var eg berre heime og åt frukost før eg gjekk på arbeid igjen, fortel Vangen.

Ho siktar til mai månad då ikkje berre utplantinga krev sitt, men også kundane i Blomsterbui, som skal ha dekorasjonar til alle livets høgtider og festdagar.

BLOMSTER

HENGEFUKSIA: 90% av sommarblomane dei sel i Blomsterbui har dei produsert sjølve i gartneriet.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Sommarblomster

I juni strøymer kundane fortsatt på, men no er det sommarblomster til hagen dei er på utkikk etter. Pelargonia, fuksia, margeritt, hengepetunia og georginer, for å nemne nokre.

– Me dyrkar 90 prosent av plantane våre sjølve her i gartneriet. Det er veldig kjekt, seier Vangen.

Berit Vangen

LANGE DAGAR: Likevel finn Berit Vangen tid til eigen hage. – Det kjem av interessa for planter, form og farge. Det må prioriterast.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Dei hengjande hagane i butikken går unna, og Vangen kjem med ei viktig påminning;

– Gjødsel! Syt for at plantane får næringsrik jord, anten frå eigen kompost, eller kjøpt. Og rikeleg med vatn i slikt varmt vêr, i drenerte potter og kassar. Er det ikkje drenering vert jorda rett og slett sur, og røtene rotnar.

Georginer

GEORGINER: Hugs gjødsel, lyd rådet frå gartnaren. – Bland godt med kompost inn i jorda, så trivst blomane.

Foto: Åsta Urdal / nrk

Nye sortar

Øystein Bratteteig tek oss med inn i gartneriet, eit hav av blomster. Frå tidleg februar set han stiklingar som vert klare til sommarsesongen.

hengepelargonia

SURFINA: Denne hengepetuniaen har Bratteteig dyrka fram i gartneriet.

Foto: Åsta Urdal / nrk

– Denne er på bestilling frå Vegvesenet, prøver han seg med, før eit flir og ein knall oransje farge avslører spøken.

Det hadde passa. Planta er ein begonia multiflora, knalloransje, og ifølgje Bratteteig ein topp fem-plante. Men den er ikkje til sals.

Gartneri

TRADISJONELT GARTNERI: Eit hav av blomster, men etter målestokken eit lite gartneri. Her dyrkar dei eit variert utval til eige utsal.

Foto: Åsta Urdal / Nrk

– Kvart år eksperimenterer vi med nye sortar, og dette er ein av dei. Vi ser an plantene litt før vi set dei ut i butikken, forklarar Vangen.

Eksperimenteringa omtalar ho nesten som hobbybasert. Den kjem i rekka etter alt som må produserast, men ut i juni dukkar det gjerne opp ein ukjend blome eller to.

Blomster

MEDINELLA: Blomsterbui byr på både eigenprodusert og importert. Dette er ei inneplanter.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Tradisjonellt

Store grossistar dominerar marknaden, og det vert stadig færre av gartneria som har ein liten, men variert produksjon til eige sal. I Sogn og Fjordane er det likevel fleire av typen små, tradisjonelle gartneri med butikk. Vangen og Bratteteig har drive sitt sidan 1985, då dei tok over drifta frå foreldra hans på Kaupanger.

Hortensia

HORTENSIA: Til potter vel du dei blomane du likar best, å halde desse i live skal ikkje vere nokon kunst.

Foto: Åsta Urdal / nrk

Det er ikkje det einaste som har gått i arv der i garden; ei av dei årvisse, men spesielle, plantene dei kvar sommar tek seg tid til å produsere er ein isbegonia.

– Eg fekk morplanta av ei gamal tante, og kvart år tek vi nokre anleggjarar frå planta med raude blad og fylt rosa blome. Vi kallar den Oldemors fylte isbegonia, fortel Vangen.

Håp i hengande hage

HÅP I HENGANDE HAGE: For dei uten grøne fingrar, er det alltids håp i ein hengande hage.

Foto: Åsta Urdal / nrk