Hopp til innhold

Han har teke divisjonen med storm

FØRDE – TRÆFF 3–0 (NRK): Vegard Savland hadde før sesongen aldri spelt fotball i 2. divisjon. No har 21-åringen scora fire mål på to kampar!

Vegard Savland

EFFEKTIVT: Vegard Savland på veg gjennom motstandaren sitt forsvar i typisk stil: Hissig på grauten og med auge for mål.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er moro å score mål, konstaterer Vegard Savland overfor NRK etter heimekampen mot Træff.

Han har nettopp gått av bana med to nye fulltreffarar i protokollen – akkurat slik han gjorde i serieopninga borte mot Stjørdals-Blink. Den ferske Førde-spelaren har spelt ein svært sentral rolle i den gode seriestarten for sin nye klubb.

– Fire mål på to kampar seier mykje om Vegard som spelar. No viser han kvifor vi ville hente han til klubben. Han har instinkt for mål, seier trenar Torbjørn Glomnes.

Har som mål å score i kvar kamp

Førde har fått ei sterk opning på sesongen med to strake sigrar i serien. Mot Træff var det tydeleg at spelarane var revansjesugne etter cupfadesen som enda med fem baklengs mot Fyllingsdalen:

Første halvtimen arta seg som reine stormløpet mot bortelaget sin keeper, og det var fullt fortent at det stod 2–0 etter berre 20 minutt. Begge måla signert Vegard Savland.

– Eg er nøgd med kampen. Absolutt. Utover i andreomgangen blir eg litt sliten og unøyaktig, men elles gjekk det bra, seier sunnfjordingen.

– Fire mål på to kampar som debutant på nivået er bra?

– Ja. Eg har som mål å score i kvar kamp, så dette har nesten vore som ein bonus. Held eg fram slik, ser det bra ut, smiler Savland.

Vegard Savland feirar scoring

JUBEL: Slik har Vegard Savland jubla fire gongar så langt denne sesongen. Det er berre spelt to kampar i serien...

Foto: Rune Fossum / NRK

Håpar han er i stand til å score 20 mål

21-åringen har trass sin unge alder allereie vore innom mange klubbar. Før Førde henta han frå Stryn i vinter, hadde han vore innom Tambarskjelvar, Tertnes, Saga – og Førde ein gong tidlegare.

Han har teke nivået på strak arm.

– Eg merkar at nivået er høgare, men samstundes er medspelarane mine betre også. Dei spelar meg gode, seier spissen diplomatisk.

Han er forsiktig med å gå ut med eigne mål for sesongen.

– Eg vil gjerne kjenne litt på nivået først, men det er klart eg har lyst på 20 mål. Det har iallfall gått veldig bra så langt, seier han.

Johan Wennberg scorar på straffe

UTSPELT: Johann Wennberg scorar Førde sitt tredje mål for dagen på straffespark.

Foto: Rune Fossum / NRK

Trenaren er nøgd med spissen og seriestarten

Førde sitt tredje mål vart sett inn av Johan Wennberg på straffespark etter eit kvarters spel ut i andre omgang. Då var kampen i realiteten punktert, og intensitet og kvalitet fall merkbart. Då kunne også Træff fort ha fått seg både eitt og to mål. Men slik gjekk det altså ikkje.

No står Førde med full pott etter dei to første kampane.

– Det kan vel ikkje gjerast så mykje betre, halvt spør og halvt konstaterer Torbjørn Glomnes.

Førde-trenaren er svært godt med starten på sesongen, og veit at skilnaden på to sigrar og to tap så tidleg på året kan vere stor. Ikkje minst mentalt i spelargruppa.

Ikkje minst er han nøgd med den nye spissjuvelen sin. Han meiner det bur mykje fotball i Vegard Savland.

– Han kan komme langt. Han har rå fysikk og er hurtig. Han er ein god avsluttar. Og han er uredd, seier Glomnes.