Hopp til innhold

Han har tatt ut 165 millionar i utbyte: – Vi må ikkje bli skatta i hel

Forslaget om 40 prosent skatt på overskotet vekkjer harme hos steinrike lakseoppdrettarar. Fleire truar med å flagge ut verksemdene om ikkje forslaget blir droppa.

Erik Jarle Osland i Osland Havbruk

SEIER NEI TIL AUKA SKATT: Erik Jarle Osland i Osland havbruk har tatt ut eit utbyte på 165 millionar kroner dei siste fem åra og har ei personleg formue på over 277 millionar kroner.

– Høgare skattlegging i Noreg aukar også faren for utflagging av næringa, seier oppdrettar Erik Jarle Osland.

Ifølgje dei ferske skattelistene så hadde Osland i 2018 ei inntekt på 11.007.901 kroner, og formue på 277.327.590 kroner. Dermed er han den rikaste i heimkommunen Høyanger.

Han eig Osland havbruk i Sogn som har gjeve store overskot dei siste åra. Sidan 2014 er det samla årsresultatet etter skatt på nær 350 millionar kroner. I same periode har han tatt ut 165 millionar kroner i utbyte, som mellom anna er sett av til eit investeringsselskap.

– Som ein buffer og til investeringar, forklarar Osland. Mellom anna vil det bli opna eit nytt settefiskanlegg til 150 millionar kroner neste år.

No konkluderer eit regjeringsnedsett utval med at havbruksnæringa tener pengar på fellesskapet sine ressursar og at dei må skattleggast høgare. Ein skatt på 40 prosent på overskotet vil vere eit fornuftig nivå, meiner utvalet.

– Havbruksnæringa tener pengar på fellesskapets ressursar, og då må samfunnet få noko tilbake, sa utvalsleiar Karen Helene Ulltveit-Moe til NRK i går.

Usikker på vidare drift i Noreg

Men forslaget møter kraftig motbør frå dei rike oppdrettarane. Blant anna laksemilliardæren Ola Braanaas som rett og slett truar med å flytte ut.

– Går forslaget gjennom er eg usikker på om eg vil drive vidare i Noreg. Det er demotiverande. Då vil eg heller realisere verdiane i selskapet og flytte til eit annan stad i verda der dei er meir opptatte av verdiskaping enn i Noreg, seier Braanaas til Dagens Næringsliv.

Selskapet hans Firda Seafood har hatt eit samla resultat etter skatt på 630 millionar kroner dei siste fem åra. I skattelistene som kom i dag er han registrert med éin milliard i formue.

Braanaas er på reise i Asia og ønskjer ikkje å kommentere denne saka til NRK.

Også andre sentrale i oppdrettsbransjen har slått fast at ei utflagging er aktuell politikk om skatteforslaget går igjennom i regjeringa og Stortinget.

Blant dei er konsernsjef i Salmar, Gustav Witzøe sr., truga seinast i fjor med å ta med seg den lukrative verksemda si til land der skattefordelane er større.

– Det vil kunne vere katastrofalt for næringa om Noreg setter opp skatten på denne sterkt konkurranseutsette distriktsnæringa, seier Witzøe til Fiskeribladet i dag.

– Treng kapital i distrikta

For oppdrettar Erik Osland er skatteforslaget alt anna enn gode nyheiter. Familiebedrifta på Høyanger sørside har sidan 60-talet skapt verdiar og arbeidsplassar i dei små bygdene i Ytre Sogn.

– Vi må ikkje bli skatta i hel. Forslaget om å auke skattlegginga vil vere øydeleggande. Vi treng kapital ute i distrikta og vi treng ei næring som er attraktiv for den yngre generasjonen, seier Erik Jarle Osland.

Heller ikkje kollega Ola Braanaas i Gulen i Sogn har sans for auka skattlegging av næringa. No vurderer han å flytte verksemda ut av Noreg.

Fryktar ikkje utflagging

Stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes (SV) meiner at rekneskapstala viser at ein ny skatt er heilt naudsynt.

– Det er på høg tid og rett og rimeleg at kystsamfunn og fellesskapet får noko tilbake av det store overskotet, seier han.

– Men er det ikkje fare for at bransjen vil flagge ut dersom rammevilkåra blir dårlegare?

– Ei produksjonsavgift i botnen vil sikre at oppdrettarane ikkje kan flagge ut. Dette blir det også tatt høgde for i forslaget, seier Fylkesnes.

Både små og store oppdrettsselskap i Noreg gjer det svært godt og mange frå bransjen ligg høgt på listene over dei rikaste i landet.

På inntektssida er Salmar-arving Gustav Magnar Witzøe på 10.-plass på lista over dei som tente mest i 2018 med over 150 millionar i inntekt.