Inge Asbjørn Haugen har fullført 473 maraton - men er eigentleg sprinter av legning

Kva får ein mann til å springe 473 maraton? Det tilsvarar åtte gonger Norge på langs. Inge Asbjørn Haugen frå Hornindal har gjort det.

Inge Asbjørn Haugen (61) frå Hornindal har sprunge 473 maratonløp.

VIDEO: 61 år gamle Inge Asbjørn Haugen har blitt bitt av maratonbasillien. Tildegare sprang han korte distansar. Foto/reporter: Silje Guddal, NRK

Seks helgar på rad har han sprunge maraton. I 17. mai-helga sprang han berre 1,8 mil lett trening på søndag. Og alt dette gjer Haugen i ein alder av 61 år. Mange lurer på om han er galen.

– Ja, det var ei som påstod at eg var galen, men på rette måten, seier han med eit smil.

– Sprinter av legning

Ein blodpropp i 2010 har ikkje stansa maratonmannen frå Hornindal, som arbeider i skatteetaten. Men før han vart biten av maratonbasillen var det langt kortare distansar han sprang.

– Eigentleg er eg sprinter av legning. Beste tida mi er på 200 meter, der eg sprang på 24,37. Men eg vart lei av å springe kort, det vart lengre og lengre etter kvart.

Og i 1984 sprang han sitt første maratonløp. Sidan har han slite ut tre-fire par joggesko i året. Det skulle bli rundt 100 par til saman, og no har han fullført 473 maratonløp.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skoa til Inge Asbjørn Haugen

SKOPAR NUMMER ?: Inge Asbjørn Haugen slit ut tre-fire slike i året.

Foto: Inen Asbjørn Haugen / NRK

– Trenar meg ikkje i hel

På heimesida si har Haugen eit sitat av Emil Zatopek: «Viss du vil vinne noko, spring 100 meter. Dersom du vil oppleve noko, spring maraton.»

– Med 100 meter er det over med ein gong. Viss du er sein i starten på ein 100-meter så er dagen øydelagd, men når du spring maraton så har du litt lengre tid å gjere det på.

Og for dei som trur at livet hans berre handlar om jobb, trening og løp, så avslører Inge Asbjørn Haugen at han slett ikkje trenar ekstremt mykje.

– Mange trur eg trenar kvar dag, men det er langt i frå sanninga. To-tre gonger for veka trenar eg, så eg har aldri trena meg i hel.

Har aldri angra

Inge Asbjørn Haugen

SPREKING: Inge Asbjørn Haugen frå Hornindal IL er ihuga maratonløpar. Her frå Påskemaratonet i Drammen 1. april i fjor då han sprang sitt 444. maraton. Etter avtale med arrangøren fekk han skrive 444 på startnummeret.

Foto: Bjørn Hytjanstorp

Haugen har alltid likt betre å konkurrere enn å trene. Han synest det er vanskeleg å forklare kjensla han får av å springe maraton.

– Det har blitt ein livsstil.

– Ein ganske sunn livsstil?

– Då eg begynte å springe i 1978 hadde eg ein stillesittande jobb, og eg skulle ta vondet ved rota. Det har eg ikkje angra på eit sekund seinare, seier honndølen.

61-åringen har sprunge maraton på fem kontinent. Kvar er det finast å springe?

– Oi, det var vanskeleg. Alle løp har sitt særpreg, det var veldig kjekt å kome til Australia, og så har vi New York.

– Kva var kjekt med Australia?

– Vi var på VM for veteranar i 2011, og det var ei stor oppleving. Eg fekk mellom anna oppleve ein 100-åring som sprang 100 meter, mimrar Haugen.

Inge Asbjørn Haugen

LIKAR Å KONKURRERE: Inge Asbjørn Haugen har sprunge 473 maratonløp.

Foto: Silje Guddal / NRK

Meir musikk enn maraton

Men fritida hans handlar slett ikkje berre om springing. Han har drive med musikk endå lengre enn maraton. 13 år gammal starta han å spele klarinett, og musikken betyr mykje for han.

– Folk kan berre prøve å tenkje seg kva verda hadde vore utan musikk. Eg trur det er svar godt nok. Tenk kva film hadde vore utan muskk. Det skal ikkje store fantasien til for å tenkje seg at det hadde vore ingenting omtrent.

– Kor mykje tid tek musikken?

– Eg er ein slaur til å øve heime, men litt tid tek no det. Vi har faste øvingar eit par gongar i veka, seier Haugen.

Har kome under 3.50 i år

– Korleis ser løpssesongen ut for deg?

– Nei, eg veit ikkje kvar det skal ende! Eg har alltid vore ein haustløpar, og no har eg alt nådd målet for sesongen.

Haugen ønskte å kome under fire timar, og det har han alt klart dei fire siste løpa.

– Så hadde eg eit nytt mål på å kome under 3.50, og det klarte eg i Ålesund, så no har eg slutta å sette meg mål. No tek eg alt som bonus, seier han.

– Men lengst bak i tankane, kva tid er det som ligg der?

– Nei, eg ser det ikkje som heilt usannsynleg at eg kan kome under 3.40, men eg set ikkje det som noko mål.

Uansett er det langt bak den personlege rekorden som han sette i Jølster i 1998.

– Då sprang eg på 3.08.43, og den tida blir iallfall ståande.

Har ikkje fått seg dame

Haugen har si eiga heimeside. Dei tre øvste punkta er maratonspringing, musikk og kryssord. På den fjerde tittelen står det: «Dette har eg aldri fått tid til...». Haugen røper at det gjeld damer.

– Men kanskje det hadde hjelpt om du hadde omprioritert litt, ikkje hatt det som punkt nummer fire på lista, og kva med å kombinere springing og damer?

– Ja, det var det då. Hadde eg vore etablert og gift hadde eg aldri fått lov til å drive på med maratonspringing, ikkje i same grad. Då hadde eg fort fått fyken, seier Inge Asbjørn Haugen.