Hopp til innhold

Det første lammehotellet i fylket er opna: 40 gjestar har allereie sjekka inn

Denne veka opna det første lammehotellet i fylket dørene i Bremanger. Det skal gje nyfødde lam ein betre start på livet.

I Bremanger har dei fått nytt Lammehotell

LAMMEHOTELL: Bli med inn på Bremangers nye Lammehotell, og sjå dei nyinnflytta gjestane.

– Når dette blir kjent kjem kapasiteten til å bli sprengd, seier ein lattermild Asbjørn Vik.

Det er Bremanger Sau og Geit som har tatt initiativ til det nye lammehotellet, og så langt har det sjekka inn rundt 40 gjestar. I løp av våren er det forventa at over 100 nyfødde lam vil sjekke inn.

Åse Leirgulen

OPTIMISTISK: Åse Leirgulen i Bremanger Sau og Geit håpar prosjektet blir vellukka.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Stor velvilje

Talet lam per sau er stadig aukande. Sauemora har sjeldan nok mjølk til å brødfø alle lammeungane, og bonden må ofte mate desse lamma sjølv med kopp eller flaske. Dersom alle lammeungane går saman med mor, blir lamma ofte små på grunn av matmangel.

Ved hjelp av lammehotellet kan ein no gje desse lamma ein betre start på livet. Leiar i Bremanger Sau og Geit, Åse Leirgulen, seier tanken om ei slik ordning har vore der ei stund. Det var først då dei fann den perfekte hotelldirektøren at draumen blei til realitet.

– Vi lurte lenge på kven vi kunne spørje, og så kom vi til å tenkje på han Kåre. Han sa ja med ein gong. Både han og dei andre bøndene har vist stor velvilje. Resten har gått av seg sjølv, seier Leirgulen

Kåre Førde

HOTELLDIREKTØR: Kåre Førde er hotelldirektør ved Lammehotellet i Bremanger.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Og det var på denne måten at tidlegare sauebonde, og pensjonist Kåre Førde enda opp som hotelldirektør. Ei stilling han sjølv aldri hadde trudd at han kom til å få.

– Hehe, nei. Det hadde eg verkeleg aldri trudd. Men eg trivst godt i stillinga, og det ser ut til at gjestane er nøgde også, seier ein smilande Førde og peikar på dei leikefulle lamma som spretter rundt i «hotellromma» sine.

Sparar mykje tid

Ideen til det nye hotellet, var det Asbjørn Vik som stod bak. Det var den store arbeidsmengda som trilling og firlinglam medførte som gjorde at han kom på tanken om eit lammehotell.

– Eg har sjølv slite med flaskematinga når det blir mange lam. Det går bra ei stund, men når ein får det travelt blir det fort vanskelegare. Så då tenkte eg, kvifor ikkje samle alle på ein plass?

Asbjørn Vik Olav Jarl Frøyen

GODT NØGDE: Bøndene Asbjørn Vik og Olav Jarl Frøyen var godt nøgde med det nye hotellet.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Og det gjorde dei. Sjølv om hotellet er litt utanom det vanlege har lammehotellet mykje av det same fasilitetane som ein kan forvente seg av eit vanleg hotell.

Utstyrt med eigen mjølkebar, komfortable hotellrom, eit stort uteområde og ein hotelldirektør som passar på dei, ligg alt til rette for eit fint opphald for dei nyfødde lamma.

Ei nyinnkjøpt ammemaskin som blandar pulver og vatn automatisk gir blanda morsmjølk til lamma. I tillegg får lamma tørrfôr, og vil etter kvart kunne utnytte det store uteområdet rundt hotellet.

– Her er alt automatisert, og lamma kan sjølv ete når dei vil det utan at vi treng å mate dei med flakse. Og så har vi Førde til å passe på dei. Det kunne ikkje ha vore ei betre løysing enn dette, seier Vik

Sosial funksjon

I tillegg til å gi lamma ein betre start på livet, og bøndene mindre arbeid, skaper det nye lammehotellet ein sosial arena for alle dei involverte. Olav Jarl Frøyen var ein av dei mange bøndene som hadde booka inn lam på det nye hotellet. For han var det sosiale ein stor fordel.

– Det blir stadig færre sauebønder her i fylket, så det sosiale aspektet ved dette er vesentleg for eit miljø som er i ferd med å forsvinne. No har vi eit fellesprosjekt der vi kan møtast og dele erfaringar med kvarandre, seier Frøyen.

Bønder

MANGE FRAMMØTTE: Fleire bønder hadde allereie booka inn lam på hotellet som opna denne veka.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Han tykkjer det er kjekt at så mange har interessert seg for hotellet, og var svært positiv til ideen når han høyrde den.

– Då Asbjørn kom med ideen vart det verkeleg halleluja-stemning her ei stund, seier Frøyen og ler.

Håpar på vidareføring

Kva prisen vert for bønder som vil spandere hotellopphald på lamma sine er førebels ukjend.

– Kostnadane er nok klare i slutten av juli. Kvart lam har ein døgnpris, og bonden betaler for kvart lam. Og så er det løna til hotelldirektøren. Den skal det forhandlast om, seier Leirgulen lurt og ser bort på Førde.

– Dersom prosjektet blir vellukka håpar vi å kunne vidareføre dette som eit årleg prosjekt for våre medlem, seier Leirgulen.

lam

HOTELLROM: Alt ligg til rette for eit fint hotellopphald for dei nyfødde lamma.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK