NRK Meny
Normal

Då vakna sogningen i han: - Eg nikosa meg over Brann-nedrykk

Medan dei fleste bergensarane deppar etter at Brann vart audmjuka av Mjøndalen og må ta vegen ned i 1. divisjon, er det ein del menneske med bustadadresse i Bergen som nikosar seg. Ein av dei er Finn Tokvam.

Finn Tokvam

DÅ VAKNA SOGNINGEN I HAN: Finn Tokvam har knapt opplevd større skadefryd.

Foto: Kristian Ervik / NRK

Radiounderhaldaren frå Flåm var på teater medan Brann spelte den avgjerande kampen på Nedre Eiker, men han fekk likevel med seg det som skjedde. For han fylgde med på kamputviklinga på mobiltelefonen, og det var det fleire i teatersalen som gjorde.

– Eg såg at det lyste hjå andre kulturfolk som og likar fotball. Det sat folk der og tørka tårer, og då vakna sogningen i meg. Eg sat og nikosa meg. Eg må ha eit oppgjer med meg sjølv, for skadefryden har knapt vore høgare hjå meg.

Skaanes fortviler etter nedrykket

BERGEN I SVART: Brann, her represntert ved Kasper Skaanes, må til liks med Sogndal ned ein divisjon.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Karadas må få ein statue

Og no meiner Finn Tokvam at det bør settast opp ein statue av Azar Karadas.

– Han har sytt for at to lag rykkjer ned. Først Sogndal, då han reiste derifrå og så Brann då han dreiv og laga sjølvmål.

Høyr heile intervjuet Erlend Blaalid Oldeide hadde med Finn Tokvam i ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane:

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser