NRK Meny
Normal

Han har mista regntrona

Vi er vane med at Brekke i Gulen er den staden i landet det kjem mest nedbør. Men i 2015 vart det tronskifte.

Arne Wergeland

NEDBØRTOPPEN GLAPP: Arne Wergeland er ikkje lei seg for at Brekke ikkje vart den våtaste staden i landet i fjor.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Arne Wergeland og kona Gerd på Verkland i Brekke er paret som år etter år har målt nedbør som samla gjennom året har ført Brekke til topps på rangeringa av dei våtaste stadene i landet.

Det er Gerd som står for papirarbeidet og som har kontrakten med Meteorologisk institutt. Men ho var på jobb i barnehagen då NRK var på besøk og let stort sett mannen stå for praten.

Men i fjor måtte dei sjå at den vesle grenda Hovlandsdal i Fjaler overtok den kanskje litt tvilsame statusen som Norges våtaste stad. Det kom 4739 millimeter i Hovlandsdal, «berre» 4489 millimeter i Brekke. Og det trass i at det regna 290 dagar i Brekke i fjor. I desember var det tre dagar utan nedbør

Også ein målestasjon i Masfjorden i Hordaland hadde meir enn Brekke. Men Wergeland er ikkje spesielt lei seg for at han er vippa ned frå trona.

– Det betyr ingenting, vi var no på tredjeplass, det er gale nok. Og eg håpar at vi kjem under normalen i 2016. Vi har hatt nokre år der vi var nede på 2500 millimeter. Det synest vi har vore fine år.

– Ikkje noko særleg å stå etter

Og i Hovlandsdalen i Fjaler vart nedbørsmålar Terje Yndestad Hovlandsdal litt overraska då det synte seg at han toppa lista over årsnedbør.

– Det hadde eg ikkje rekna med, eg trudde at det var Brekke som framleis hadde den statusen. Eg synest det ikkje er noko særleg å stå etter.

– Korleis var fjoråret?

Det var ganske jamnt med nedbør heile tida. Vi hadde nokre høge målingar på einskilddøgn, så dei har vel slege kraftig ut.

Men spesielt vêrsjuk er han ikkje.

– Får vi nokre soldagar så kjem vi oss att. Det skal ikkje så mange til av dei før vi kviknar til att.

Terje Yndestad Hovlandsdal

INNTOK TRONA: Terje Yndestad Hovlandsdal målte 4739 millimeter nedbør i 2015.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.