Hopp til innhold

– Eg blir nesten som ein far for mange av ungdomane, både på godt og vondt

Gunnar Reiakvam (53) lever og andar for vektløfting. I snart ein mannsalder har han spelt ei avgjerande rolle for å gjere Tambarskjelvar til den mest suksessrike klubben i Norge.

Gunnar Reiakvam
Foto: Anna Gytri / NRK

– Eg trur vel nesten 50 prosent av livet mitt handlar om vektløfting, så det blir mykje, seier mannen som har vore trenar i vektløftarklubben i Naustdal i ei årrekkje.

– Eg blir nesten som ein far for mange av ungdomane, både på godt og vondt.

Røyrleggar på dagtid

NRK møter den spreke 53-åringen i kjellaren på Nortura sitt slakteri i Førde. I knallblå arbeidsklede og lilla hanskar dreg han rutinert i ein lang slange.

– Eg jobbar med å reinske eit røyr for feitt, forklarar naustedølen medan han jobbar raskt og effektivt for å trekkje slangen ut av røyret.

Frå klokka 07 til 15 på kvardagane er han som regel å finne på slakteriet. Jobben som røyrleggar er den som sikrar mat på bordet.

– Eg trivst veldig godt her, og har veldig fleksible arbeidsgjevarar. Og det er bra, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gunnar Reiakvam
Foto: Anna Gytri / NRK

Reiser jorda rundt med idretten

For fleire veker gjennom året kan ikkje 53-åringen møte på jobb som vanleg. I staden reiser han verda rundt på stemne og treningsleiarar med unge lovande vektløftarar.

I løpet av eit år er han glatt oppe i 70–80 reisedøgn.

– Hadde det ikkje vore for den fleksibiliteten eg har på jobb, så hadde eg ikkje kunne brukt så mykje tid på vektløftinga.

Og med mykje tid er det ikkje berre snakk om dei dagane han er ute på reise. Nesten kvar ettermiddag på vekedagane er han på plass i treningsrommet i Naustdal.

– Kor viktig er det for deg å kunne bruke så mykje tid på vektløftinga?

– Eg har drive med vektløfting i 30–40 år, så det er klart det er viktig. Eg ser den gleda det gir ungdomen, og så er det litt prestisje i det for meg også, når vi får det til, gliser han.

Er nesten aldri heime

Men ungdomar som kan glise av gode resultat på trening og stemne kjem ikkje gratis. Heller ikkje for trenaren. Når han stemplar ut frå jobb i Førde klokka 15 går turen i full fart heim til Naustdal.

Der blir det tid til middag og litt kaffi med kona. Så mykje meir rekk dei ikkje over før Gunnar skal av garde på trening.

– Vi prøvar å nyte den fritida vi har, når vi har den, seier kona Borghild Reiakvam (48).

(Artikkelen held fram under)

Gunnar Reiakvam med kona Borghild
Foto: Anna Gytri / NRK

Slik ordnar han husarbeidet

Frå høgt oppe i lia har dei utsikt over heile Naustdal og Førdefjorden. Rundt huset er ein flott opparbeidd hage og inne er alt på stell. Kona legg ikkje skjul på at ho må gjere mykje utan hjelp frå ektemannen, men vil ikkje klage.

– Det går eigentleg bra. Vi har vaksne ungar og det er vi to som bur her no. Då synest eg det er viktig at vi kan styre med det vi har lyst til, seier ho.

– Men de har gjort nokre grep for at du ikkje skal sitje att med alt arbeidet i hus og heim?

– Ja, vi har mellom anna fått oss vaskehjelp, og det er ei stor lette i kvardagen. Og når eg i tillegg får trekkje det frå hans konto, så eg er eg jo veldig nøgd med det, seier ho lattermild.

På andre sida av bordet på verandaen gliser Gunnar Reiakvam lurt. Han veit at han har ei tolmodig kone.

– Og sidan eg betalar for det, så er det jo eigentleg eg som gjer husarbeidet, flirer han.

120 i rykk og 140 i støt

Gunnar Reiakvam vart introdusert for vektløfting som 15-16-åring då ein kamerat fekk hand om ei vektløftarstong og nokre vekter. Det byrja som trening for moro, før det etter kvart vart eit par stemne.

– Det var ingen her i Naustdal som satsa veldig hardt på vektløftinga den gong, det var mest for moro. Men eg hevda meg sånn noko lunde i norsk samanheng, fortel han.

Sånn noko lunde er i klartekst 120 kilo i rykk og 140 kilo i støt i vektklasse 77 kilo som personleg beste. Eit sølv i NM vart hans beste notering som aktiv utøvar i ung alder, men til saman vart det så mange medaljar og pokalar at mykje er pakka vekk.

– Her ser du det heng ein bråte medaljar bak, og så er det ein del pokalar, seier Reiakvam og opnar eit treskap i tv-stova på loftet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gunnar Reiakvam
Foto: Anna Gytri / NRK

Må vere best i nabolaget

Sjølv kor plankpussa dei ser ut, lovar han at medaljane og pokalane ikkje har blitt via mykje merksemd opp gjennom åra. Ikkje ein gong den siste medaljen han har i samlinga, ei sølvmedalje frå VM for veteranar som han sikra seg for nokre år tilbake.

– Det var ei stor oppleving, seier han og minnast at ein tyskar vann.

– Han har eg aldri klart å slå, så kanskje må eg hive på meg skoa for å prøve igjen, flirer han.

– Er du i form til det, å stille i eit veteran-VM no?

– Ikkje akkurat no, men eg trur ikkje eg skulle ha trent så veldig mange månader før eg hadde vore det, seier han.

Samtidig understrekar han at han prøver å finne litt tid til å halde seg i form.

– Det er om å gjere å vere den sterkaste i byggefeltet, og eg må slå naboen. Han driv framleis med litt løfting, ler han.

Har hatt stor suksess som trenar

Men vektløftarskoa er altså lagt meir eller mindre på hylla. Etter kvart som åra har gått har Reiakvam gått meir og meir over i trenarrolla.

Og som trenar har han sikta høgt, og fått det til. Talet NM-medaljar som har blitt henta heim av løftarar frå Tambarskjelvar har han ikkje oversikt over på strak arm.

– Åh, det har eg ingen aning på.. Men det er mange. Men det er heilt sikkert over 100… Ja, det er det, gliser han breitt.

– Men dei gongane det ikkje går så bra då, korleis påverkar det deg som trenar?

– Eg har vore med på dette så lenge no at eg veit at det ikkje kan gå like bra kvar gong. Av og til må eg trøyste utøvarane, og av og til er det omvendt.

– Men når det går bra er det veldig inspirerande. Du ser at dei blir betre og betre, og det gjer noko med meg som trenar. Eg vil dei berre skal bli endå betre.

(Artikkelen held fram under)

Gunnar Reiakvam
Foto: Anna Gytri / NRK

Ungdomane kastar seg over han

Etter nokre slurkar til med kaffi kastar Gunnar Reiakvam seg i bilen igjen. Minutt etter går han inn i styrkerommet i Naustdalshallen, ein plass som må kunne seiast å vere hans andre heim.

Gunnar Reiakvam
Foto: Anna Gytri / NRK

– Gunnar, eg har ikkje treningsprogram, kjem det frå ein 14 år gamal gut nesten med det same trenaren er innom dørene.

– Men du har nettopp vore på stemne, så denne veka kan du trene det du har lyst, får Reiakvam svart før ein annan ungdom kjem med eit nytt spørsmål.

I styrkerommet kan det på det meste vere opp mot tretti ungdomar, i dag er det åtte løftarar som har møtt opp. Yngstemann er 12 og enno ganske fersk i gamet, medan 23 år gamle Vebjørn Varlid er eldst.

– Må hit for å bli god

Varlid studerer til vanleg marknadskommunikasjon på BI i Oslo, men er ofte heimom for å trene med klubben. Trenar Gunnar Reiakvam seier det må til skal han bli best.

– Skal du bli god i vektløfting må du vere der vektløftinga går føre seg, og det er ikkje så mykje av det i Oslo, seier Reiakvam.

Frå bak brillene myser han og legg hovudet litt på skakke når han skal følgje med på løftinga til 23-åringen.

– Akkurat no har vi mest fokus på at han skal bruke armane rett i overstøtet, seier Reiakvam og snurpar litt på munnen.

– Du kan mykje betre enn dette, ropar han før Varlid skal til på sin andre repetisjon.

– Trykk hardt, bruk armane, buldrar trenaren vidare.

(Artikkelen held fram under)

Gunnar Reiakvam brukar timevis kvar einaste veke på rettleiing av unge vektløftarar. Vebjørn Varlid (23) studerer i Oslo, men er henta heim til Naustdal for å trene med dei beste.

«Fy søren så sterk eg er»

Varlid gjer som han får beskjed om og får godkjent frå trenaren. Etter at han har fått att pusten fortel han om eit av dei første møta med trenaren. Det er snart ti år sidan, men allereie då vart Reiakvam ein mentor og eit forbilde.

– Han stod i dette rommet og hadde støta 120 kilo, så brølte han litt og sa «Fy søren så sterk eg er» i det han sleppte ned stonga.

– Eg vart heilt sjokka. Han er jo den vesle karen, men fy, så sterk, seier Varlid med eit breitt smil.

– Han er kjempeviktig

Bamsen på over 100 kilo har markert seg i toppen av norsk vektløfting sidan han var ungdom, men for to år sidan fekk han ein stygg kneskade. No er han på veg tilbake til toppen, og Varlid er ikkje i tvil om at trenaren har spelt ei stor rolle for å få det til.

– Gunnar betyr veldig mykje. Han er veldig god på teknikk og møter alltid opp på trening. Han er alltid der for oss. Det har utruleg mykje å seie for resultata våre, seier 23-åringen.

– Han gjer ein kjempejobb, skyt Sindre Rørstadbotnen inn.

21-åringen er ein av dei andre unge vektløftarane frå Naustdal som har markert seg dei siste åra. Under årets senior-NM var han nære på å sikre seg kongepokalen, og han kunne med det ha blitt den yngste på fleire tiår.

– Det å ha ein trenar som er her kvar dag og som følgjer med oss har utruleg mykje å seie. Utan han er det ikkje sikkert vi hadde orka fullføre kvar trening, seier Rørstadbotnen.

(Artikkelen held fram under)

Gunnar Reiakvam
Foto: Anna Gytri / NRK

Ordnar «alt» for utøvarane

For desse to og dei andre vektløftarane i Tambarskjelvar er Gunnar Reiakvam mykje meir enn ein trenar. I tillegg til teknikk og program er 53-åringen alt frå støttekontakt til massør.

Han har fiksa alt frå leilegheit til jobb, og er ein ungdomane kan stole på at alltid stiller opp.

– Då eg gjekk siste året på vidaregåande var eg ikkje heilt klar for den seriøse delen av det å drive med vektløfting, men Gunnar var den som fekk meg til å trene meir. Han har også hjelpt meg få til gode jobbavtalar slik at eg kan satse på vektløftinga, seier Rørstadbotnen.

– Smilet og humoren hans

Mellom setta fortel dei to gjerne om dei mange gode eigenskapane til trenaren. På spørsmål om kva som er typisk for Gunnar Reiakvam er det ein ting begge trekkjer fram aller først.

– Smilet og humoren hans, gliser dei.

Og det er ikkje til å unngå å leggje merke til. Mellom dei alvorlege minene medan han vurderer løfteteknikk og innsats spekk ansiktet til trenaren heile tida opp i eit smil.

– Er du i dårleg humør er det best å skjule det for Gunnar, om han oppdagar det er han nemleg fæl til å terge, ler Rørstadbotnen.

Han kan berre hugse ein gong at han har sett trenaren skikkeleg sur.

– Det var ein gong på Gardermoen då han måtte springe frå pølsene sine, då vart han forbanna.

– Han fekk ikkje maten sin, og då vart han grinete, ler 21-åringen.

(Artikkelen held fram under)

Gunnar Reiakvam er trenar for vektløftarane i Tambarskjelvar. Som naustedøler flest likar han å tøffe seg litt.

Får ros frå sportssjefen

Gunnar Reiakvam får også skryt av Arne Grostad, sportssjefen i Norges Vektløftarforbund. Forbundet har ikkje råd til å lønne eigen trenar, men betalar for tapt arbeidsforteneste for trenaren som blir send med på store stemne og landslagssamlingar.

Den rolla er det ofte Reiakvam som får.

– Eg stoler fullt og heilt på Gunnar når han blir send med som trenar på internasjonale meisterskap og samlingar. Gunnar er flink til å ta ting på strak arm, og skjer det noko, så blir det ordna opp, seier Grostad.

Han trekk fram Tambarskjelvar som den fremste klubben i norsk vektløfting. Klubben har til dømes vunne lagserien 17 gonger.

– Dette er heilt unikt, seier Grostad og meiner Reiakvam har mykje av æra for resultata klubben og løftarane kan skilte med.

– Har betydd mykje i ein generasjon

Det siste seier Stian Grimseth seg samd i. Naustedølen er ein av dei mest kjende norske vektløftarane opp gjennom tidene, med til dømes 12 NM-gull på rad frå 1993 til 2004.

Også då han dreiv aktivt var Reiakvam sentral i klubben.

– Gunnar har betydd veldig mykje for vektløftarane i Naustdal. Ikkje berre dei siste åra, men i snart ein heil generasjon, seier Grimseth.

Dei siste året har Tambarskjelvar idrettslag jobba for å få EM i vektløfting til Sunnfjord. Grimseth hugsar godt då han sjølv jobba fram mot eit EM på norsk jord, i Stavanger i 1996, og har hatt som mål at andre lokale løftarar skal få oppleve det same.

Men utan personar som Gunnar Reiakvam i kulissane hadde klubben aldri jobba for å bli EM-arrangør i det heile teke.

– Om ikkje idretten er levande lokalt er det ikkje noko poeng å ha slike arrangement. Det er heilt avgjerande at vi har eit fruktbart miljø som er under utvikling, der det stadig kjem nye utøvarar opp og fram. I dette arbeidet er Gunnar utruleg viktig, seier Grimseth.

(Artikkelen held fram under)

Gunnar Reiakvam er trenar for vektløftarane i Tambarskjelvar. Som naustedøler flest likar han å tøffe seg litt.

– Fortener ein kulturpris

I treningsrommet i Naustdal har Gunnar Reiakvam fått selskap av ein annan kar litt opp i åra, naboen. Arne Larsen på 57 år berre ler når den interne konkurransen dei imellom kjem på tale.

– Gunnar er alltid best, flirer han og synest det er heilt greitt.

Han vil heller snakke om kor viktig Reiakvam er for klubben, og meiner 53-åringen burde hatt ein kulturpris for innsatsen.

– Det er kjempeviktig å ha ein person som han, han er limet i klubben. At han er villig til å bruke så mykje tid, det er heilt avgjerande om klubben skal ha den posisjonen den har i dag, seier Larsen.

Må alltid tøffe seg litt

I den andre enden av treningsrommet har Reiakvam plukka ned slyngene som heng frå taket. På kvar trening brukar han litt tid på å vise ungdomen at det framleis er mykje krefter i skrotten hans.

Med ein fot i kvar slynge ber han om 35 kilo på ryggen før han legg seg til for å ta armhevingar.

– Det å tøffe seg er faktisk noko av det første dei må lære seg når dei kjem her for å trene. Det er ein del av imaget til gruppa, ler Reiakvam.

(Artikkelen held fram under)

Gunnar Reiakvam på trening
Foto: Anna Gytri / NRK

Ville ikkje vore idretten forutan

Etter to-tre timar i styrkerommet pakkar trenaren og ungdomane saman sakene sine. For trenaren har det gått i eitt sidan klokka 06 i dag tidleg.

– No er det heim og sove litt i stresslessen før eg skal legge meg, seier han om den hektiske kvardagen. Ein kvardag han ikkje ville vore forutan.

– Eg blir veldig rik på opplevingar. Idretten gir meg veldig mykje.