Hopp til innhold

Han har gjort alvor av snart to år gamle lovnader

FØRDE (NRK): Jan Ove Hafstad gliste frå øyre til øyre søndag. Med nye sigrar toppar både dame- og herrelaget eliteserietabellen – heilt i tråd med lovnadane han gav i eit intervju.

Jan Ove Hafstad (i midten)

TOPPLAG: Jan Ove Hafstad (i midten.) konstaterer at damelaget til Førde tek nye poeng mot NTNUI.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Dette er ein gedigen opptur. No klarer vi å bevise at vi også satsar på damene, seier sportsleg leiar i Førde Volleyballklubb, Jan Ove Hafstad, og konstaterer at årets sesongstart er av det historiske slaget.

Aldri før har både dame- og herrelaget til Førde starta sesongen med fem strake sigrar kvar. Følgjene er sjølvsagt tabelltopp for begge to.

Førde volleyballklubb

VILL JUBEL: Førde sitt damelag har så langt gått frå siger til siger i eliteserien.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Frå botn til topp

Og kven skulle trudd det for snart to år sidan. Førde-damene sleit i botnen av eliteserien og fekk ein tidleg cupexit mot 3. divisjonslaget Tambarskjelvar.

Etter herrane sin tredje cuptriumf lova Hafstad i intervju med NRK at også damelaget skulle kjempe om seriemedalje, cupfinale og Nordisk liga.

– Det intervjuet hugsar eg godt. Og eg bestemte meg for at dette skulle vi få til, humrar Hafstad og ser damelaget slå NTNUI 3–2 (16-25, 25-12, 29-27, 22-25, 15-6). Herrelaget vann som venta 3–0 (25-23, 25-18, 25-21), også dei mot NTNUI.

– Er attraktive

Tilskodarar på volleyballkamp

ROSA: Billettinntektene frå kampen gjekk til Rosa sløyfe-aksjonen. I alt samla Førde inn mellom 10.000 og 15.000 kroner.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I fjor heldt det til 4.-plass i eliteserien og semifinale i cupen for damelaget. Før årets sesong henta Førde inn canadiske Alyssa Wolf og landslagsspelarane Marianne Steen Knudsen og Eline Bye.

– Vi starta med eit ynskje om å få Hilde Elvebakk for to år sidan. Vi trengde ein mentor. Ho har jobba godt, andre har jobba godt og det har eigentleg gått betre enn vi hadde trudd og tenkt å hente inn spelarar, seier Hafstad.

– Dette viser at vi er blitt attraktive. Folk vil til Førde for å spele volleyball, legg han til og spesielt trekkjer fram samarbeidet med Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Spelefri neste helg

Marianne Steen Knudsen

NY: Marianne Steen Knudsen er ei av fleire nye spelarar på dagens Førde-lag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Etter helgas to kampar har både dame- og herrelaget spelefri til første helga i november. Då ventar kvalifiseringsspelet til Nordisk i Randaberg. I tillegg til vertane møter dei danske Team Køge og engelske Polonia SideOut London.

Hafstad både trur og håpar at blåtrøyene vil gjere ein god figur.

– Nordisk kjem nok litt for tidleg, men eg trur vi skal bite godt frå oss. Har vi dagen, så kan vi gå til finalerunden.

Herrane, som vart nordiske meistrar i 2011, møter erkerival Viking og danske Hvidovre i gruppespelet i Bergen.