Hopp til innhold

Han har funne den magiske fruktformelen

For fruktbøndene i Sogn vil vêret framover avgjere korleis sesongen blir. Men èin bonde verkar å ha funne den magiske formelen.

Jens Ølmheim

OPPVAKSEN MELLOM FRUKTTREA: Jens Ølmheim får til det mange andre slit med.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

For med eit erfarent handlag får 73 år gamle Jens Ølmheim i Sogndal flott frukt nesten uansett vêr og sesongvariasjonar. Heilt nede ved Sognefjorden, nokre kilometer frå Sogndal, har han drive på i ein mannsalder.

– Eg har halde med frukt heile tida, eg er oppvaksen mellom frukttrea.


For ein vanleg fruktbonde er vêret anten ven eller fiende. Når alt klaffar bugnar hagane av flott frukt og bær. Men små variasjonar, anten for kaldt eller varmt, for tørt eller fuktig, kan bety katastrofe.

Marianne Bøthun

IMPONERT: Marianne Bøthun i Norsk landbruksrådgjeving.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Klør seg i hovudet

Men for Jens Ølmheim verkar ikkje vêret å spele noka rolle, seier Marianne Bøthun ved Norsk landbruksrådgjeving på Leikanger.

– Det som er litt løge er at han greier å få stabile avlingar og flott kvalitet uansett sesong og uansett vêr.

Ho er ikkje berre imponert over dei gode avlingane, men klør seg i hovudet over korleis fruktbonden unngår soppen dei andre slit med. Eplesorten Ølmheim har mest av, Summer red, er samtidig den som er vanskelegast å dyrke.

– Der gjer Jens ein kjempejobb. Han har veldig mykje Summer red, og han har ikkje soppflekkar, så det blir fantastisk flott kvalitet. Det er eitt eller anna han får til som det hadde vore spennande for oss andre å vite om.

Ølmheim vandrar mellom rader på rader med frukttre, på leit etter soppskader han kan vise fram.

– Eg trur ikkje vi finn noko, då er det vanskeleg å vise soppen.

Eplekart på Ølmheim

PÅ GOD VEG: Eplekarten er utan sopp og blir om nokre veker eit saftig og godt eple.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Vil kartlegge kva han gjer

Som dei fleste andre er han spent på når frukta hans skal bli mogen i år. Men avlingane er han ikkje uroa over. Han kan ikkje hugse sist han hadde eit dårleg år.

– Det er langt mellom dei åra, ja.


– Så kva er løyndomen?

– Det har eg ikkje noka forklaring på. Det er slikt som ein får inn litt etter kvart.

Det svaret er ikkje Marianne Bøthun i Norsk landbruksrådgjeving nøgd med.

– I år er det ein sjukdom som heiter plommepung som vi har i mange hagar. Men Jens har gått klar av den også, så i år vil vi inn og kartlegge kva dei gjer dei som unngår slikt.

Men mest av alt er det kanskje hardt arbeid over mange år som har gitt resultat for fruktbonden på Slinde.

– Det er mykje jobb, ein seig jobb, det er fint å ha med seg øyreproppar og høyre på radio medan eg jobbar.