Hopp til innhold

I 145 kilometer i timen har han hange ut flyvindauga og fotografert - slikt blir det bøker av

Han har hange ut av flyvindauga i 145 kilometer i timen medan han har fotografert opp og ned langs kysten. Finn Loftesnes frå Sogndal har teke så godt som alle flyfotoa i dei sju Opptur-bøkene.

Finn Loftesnes

MORO: Finn Loftesnes kosar seg når han er på jobb i småflyet. Og flysjuk vert han heldigvis ikkje.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det har vore fantastisk spennande. For meg, som er frå innlandet i Sogndal har det vore flott å komme seg ut og sjå kysten. Eg har opplevd heile kysten frå Bergen til Stad i fantastisk flott vêr, seier Loftesnes.

I ein fire-seters Cessna, som har vengjer på taket, har Loftesnes dokumentert fjelltoppar og tettstadar langs heile kysten. Og det heilt utan å bli flysjuk.

– Eg er heldigvis ikkje plaga med det. Eg hugsar eg var litt uvel då vi fotograferte Alden, men det var ikkje så gale at vi måtte ned att, seier Loftesnes.

Måtte lande då forfattaren vart flysjuk

Verre var det då dei i fjor skulle fotografere over Oslo. Då vart ein av forfattarane av boka med opp i flyet. Det gjekk heller dårleg.

– Då måtte vi rett og slett ned att, ler Loftesnes.

Sogndølen fortel at det meir eller mindre var tilfeldig at han vart henta inn som flyfotograf til den første Opptur-boka. Sidan har det vorte seks til. Og meir skal komme.

– Det har berre balla på seg, så no er vi ferdige med bok nummer sju, seier Loftesnes.

Men det krevst litt meir enn berre å kunne knipse eit bilete når ein skal dokumentere landet frå lufta.

– Eg er jo ikkje kjent alle stadar. Så då må eg bruke kart. Eg veit kva eg skal ta bilete av, ser på kartet og så må eg finne det i terrenget, forklarar Loftesnes.

Fotograferer medan tårene renn

Men det er lettare sagt enn gjort når ein susar rundt i eit småfly i over 140 km/t.

– Det går jo litt fort. Og så må du inn i rett høgde og rett avstand. Det er ikkje alltid vi treffer på første forsøk, så då må vi ta ein tur til. Men stort sett går det bra, seier Loftesnes.

Og viss du trur at Loftesnes har ei sinnrik innretning som gjer at han kan sitje i ro og mak og fotografere alt som flyg forbi, så tek du feil. Det er snakk om langt meir akrobatikk enn som så.

– Eg må opne vindauga på flyet og stikke kamera ut, seier Loftesnes.

Viss du har prøvd å gjere det i ein bil som køyrer i 80 kilometer i timen, så veit du at det røskar både i barten og i augeloka. Berre førestill deg korleis det er i 145 kilometer i timen.

– Det er litt vind, for å seie det slik. Du må ha rask eksponeringstid, og tårene, dei renn. Så må du samtidig passe på karta som ligg inne i flyet, for når ein opnar vindauga, så vert det ganske mykje vind der også, ler Loftesnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Finn Loftesnes

MÅ HA KART: Fotograf Finn Loftesnes understrekar at kart er viktig for å orientere seg, også frå lufta. I midten forfattar og utgjevar Torkjell Djupedal og til høgre forfattar Knut Magne Nesse.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Og vips flaug kartet ut

Men det er ikkje støtt så lett å ha kontroll på alt, der ein dinglar langt over bakken.

– Eg har faktisk opplevd at kart har forsvunne ut vindauga med vinden, fortel Loftesnes.

Han understrekar likevel at tilhøva stort sett er greie å jobbe under, iallfall når ein er van med det.

– Det viktigaste er å passe på eksponeringstida og at du har stabilisator på objektivet. Då vert dei aller fleste bileta skarpe, seier Loftesnes.

Vêrtilhøva spelar ei viktig rolle når ein skal ta gode flyfoto.

– Mange trur at berre sola er framme, så er det greitt. Men det skjer noko når ein kjem opp i lufta. Det bør vere heilt klart i lufta, gjerne nordavêr, seier Loftesnes.

  • LES OGSÅ:

Legg vekt på å få med horisonten

Viss det er eit snev av dis i lufta, så blir bakgrunnen ganske grå, og det gir dårlege bilete.

– På flyfoto så prøver eg å få til horisontar, slik at ein ser utsikta. Då vil ofte fjella bakafor bli heilt grå dersom det er dis, så vi må ha klår luft, seier Loftesnes.

Hobbyfotografen har fotografert så lenge som han kan hugse, men han har ikkje noko formell utdanning som fotograf.

– Eg har jobba som lærar på Sogndal folkehøgskule innan naturfoto. Det er ikkje noko annleis å ta flyfoto enn andre bilete, anna enn at ein må passe på eksponeringstida slik at ein har rask nok lukkar, seier Loftesnes.

Denne veka vart boka «Opptur kysten, Bergen-Stad» lansert om bord i veteranbåten «Nybakk» i Måløy. I denne boka har Loftesnes nær 116 flyfoto. Men å plukke ut éin favoritt, er ikkje så lett.

– Det er vanskeleg. Men eg er godt nøgd med biletet over Bergen. Då hadde vi flott vêr, og det vart ganske flotte bilete. Men det er mange bilete eg er nøgd med her, seier Loftesnes.

Måtte vente på flyluke over Bergen

Å ta bilete av Bergen, hadde sine utfordringar, på grunn av Bergen lufthamn Flesland.

– Mange av bileta ligg i inn- og utflyginga til Flesland, og det er restriksjonar på kor høgt ein får lov til å flyge. Det skapar litt problem for å få skikkeleg oversikt over terrenget. Det blir litt for lågt, så det har vi slite litt med, seier Loftesnes.

Men det løyste seg til slutt.

– Av og til har vi kjekke folk i tårnet som seier: ok, no kan de få lov til å flyge høgare, for no er det ikkje noko fly. Så det gjekk bra, seier Loftesnes.

I løpet av arbeidet med dei sju bøkene har Loftesnes teke iallfall 10.000 bilete.

– Eg tek opp til ti bilete av kvart motiv når eg er ute, for å få rette vinkelen og for å vere sikker på at eg har eitt som er skikkeleg skarpt, seier Loftesnes.

Blir smått med ferieturar

Å drive med denne type fotografering får også innverknad på privatlivet.

– Somrane går med til å vente på godvêr, så dei lange ferieturane vert det ikkje på sommaren. Ein kan ikkje risikere å vere vekk når det plutseleg vert tre-fire dagar med finvêr, seier Loftesnes.

Og lei av fotograferinga, har han ikkje vorte.

– Eg har fotografert til Opptur Oslo, som kjem i haust. Og så driv eg med noko på Sunnmøre, Nordfjord og også i Sogn og Fjordane. Så det held nok fram på same viset, seier Loftesnes og ler.