Hopp til innhold

Han har fostra idrettstalent i ein mannsalder

– Om eg seier at vi har henta 150 medaljar i norske meisterskap, så trur eg ikkje eg tek for hardt i, seier Jørund Årdal i Gloppen friidrettslag.

Jørund Årdal

STØTTESPELAR: Jørund Årdal (i midten) har vore leiar, trenar og arrangør i friidrettsmiljøet i Gloppen i mange år og har ikkje planar om å hoppe av lasset heilt enno.

Foto: Rune Fossum / NRK

Faktisk er det kanskje meir sannsynleg at han tek for lite i. I kring 22 år har Jørund Årdal trena og rettleia ungdom i friidrettsmiljøet i Gloppen. Han har hjelpt fram mange talent, ikkje berre nasjonalt, men også internasjonalt.

Denne helga var den opphavlege jølstringen ein av seks nominerte til årets eldsjelpris i regi av Norges Friidrettsforbund.

– Det er jo ei veldig fin oppmuntring. Eg set veldig pris på at det blir lagt merke til det eg driv på med, seier Årdal, sjølv om han ikkje fekk prisen.

– Viktig å ha nokon som bryr seg

Trass merksemda han har fått dei siste dagane likar han seg ikkje så veldig godt i rampelyset.

– Eg har heile tida synest at vi må framheve dei som står for idretten og utfører prestasjonane. Eg er med i bakgrunnen, og der likar eg meg best, seier han.

Du må jobbe med motivasjon i staden for å bruke pisk. Eg står ikkje veldig over dei, men er meir som ein rådgjevar.

Jørund Årdal

Årdal voks opp som aktiv sjølv og har teke med seg interessa opp gjennom åra.

– Då eg var ung var det få som kunne vere med på trening, men vi fekk hjelp til å vere med på konkurransar. Så eg veit kor mykje eg sjølv sette pris på at andre brydde seg om det og tok oss med, fortel han.

Har hjelpt mange

Dei siste åra har han drive mest med friidrett, men tidlegare var han aktiv innanfor handballmiljøet i Dale i Sunnfjord. Eitt av dei største talenta han har jobba med der var Trude Boge.

I Gloppen er diskoskastaren Trude Raad ei av dei som har nådd lengst, med Årdal bak seg heile vegen. Det har vore eit eventyr å følgje talent som ho, seier Årdal.

– Det er ikkje så ofte du får slike talent som både har vilje, evne og anlegg for å kunne nå ut internasjonalt. Trude har hjelpt meg ut, så eg har fått vere med på både nasjonale og internasjonale konkurransar. Det har vore veldig spennande.

I all slags vêr finn ein Jørund Årdal på friidrettsbana. Han brukar mykje tid på å snakke om kva mål dei unge har og korleis dei skal kome seg dit, og han brukar videokamera flittig.

Det har han tenkt å halde fram med ei god stunt til.

– Det er ein livsstil, og har du helse og motivasjon så blir du med vidare. Vi har ein flott kultur for idrett i kommunen og der blir eg nok med vidare også.