Hopp til innhold

Jegeren som tapte hjartet sitt til hjorten

I nær 20 år har Johan Trygve Solheim levd eit tett og nært samliv med eit av Norges mest skye dyr. Slikt blir det TV av.

Johan Trygve Solheim ved hjortesenteret på Svanøy.

TETT PÅ: Som fotograf, jeger, hjortefarmar og formidlar har Johan Trygve Solheim kome tett på hjorten.

Foto: NRK

Som dagleg leiar ved Norsk hjortesenter på Svanøy, har Johan Trygve Solheim hatt eit TV-team på slep det siste året.

Dagen før premieren på «Med hjarte for hjorten» på NRK1, vedgår han at programmet får ein annan hovudperson enn planlagt.

– Det var eigentleg ikkje planen å bli hovudpersonen då prosjektet starta. Eg var oppteken av at hjorten skulle bli hovudpersonen, og det håpar eg framleis den blir, humrar Solheim.

Tapte hjartet til øya og dyra

Solheim kom frå tigerstaden Oslo til Svanøy i 1987 for å jobbe med storfugl. Etter kort tid vart fokuset flytta til hjorten. Eit dyr han frå tidlegare berre kjende til som hjortejeger.

Med dei første dyra frå Myklebustdalen i Bremanger på plass på øya, fall han pladask for dyret.

– Då var det ikkje berre øya eg tapte hjartet til, men også dyra. Hjorten er berre heilt unik, seier han.

Rikki (21) har følgt han

Nokre av dei tame hjortane innanfor gjerda rundt det gamle godset frå 1700-talet, har Solheim svært nære forhold til. Den eldste av dei, Rikki, er 21 år og har følgt han heile livet sitt.

Solheim er også oppteken av hjort som lever andre stadar i Norge, og elles i verda for den del.

– Hjorten er individ som vi, og veldig tilpassingsdyktig. Du ser den lever i byar og på høgaste fjellet, dei kjenner att folk og situasjonar. Kvart individ har si eiga åtferd, held han fram.

Finne svar

Men korleis kan ein som er jeger, og som likar å førebu hjortekjøt til gourmetmat, samstundes ha eit så nært forhold til dyr som Solheim?

Utstyrt med kamera og mikrofon har Magne Helge Sleire forsøkt å få svar på det i løpet av det siste året.

– Ein utvilsamt dyktig fotograf og journalist. Eg merka nesten ikkje at han følgde meg. Eg har berre vore meg sjølv, og hatt han med på dei aktivitetar som knyter seg til det vi gjer på hjortesenteret. Både her på Svanøy og når vi er på reis, seier Solheim.

Premiera på TV vil ikkje Solheim få med seg. For etter førpremieren på Svanøy i kveld, går turen til Tyskland torsdag morgon.

– Då er eg langt vekke og utilgjengeleg, men eg håpar andre kan nyte det frå godstolen sin, seier han.