Stein er den store lidenskapen til Ivar Elvik. På øya Osterøy utanfor Bergen har han bygd 11 murhus på den nesten to mål store tomta. Det starta i 1974 med trappa utanfor inngongspartiet. Den vart han så nøgd med at han fortsette med muringa.
Astrid og Ivar Elvik bur på tidlegare Ole Bull-mark, og det har Ivar gjort noko med. Ivar har i år laga sin eigen bauta i hagen. Det er nemleg 200 år sidan komponisten vart født.
Barnebarna til Ivar og Astrid er ofte på besøk. Astrid og dei har ein heilt spesiell leik. Eit av husa er laga som eit leikehus. Og der lagar barnebarna mat som dei serverer bestemora.
Ivar treng ikkje helsestudio for å få musklar. Han brukar muringa som fysisk fostring.
Han seier sjølv:
”De e rett og slett ei trening.”
Hagen er som å kome attende til ei gamal tid, med fantastisk fuglekvitter og ein fin stillheit mellom steinhusa i den harmoniske hagen.
Vi har tidlegare annonsert at du kunne sjå hagen til Astrid og Ivar Elvik i programmet Grønn Glede, tysdag 3.august, men det er utsett. Programmet blir ikkje sendt før 17. august.
Reporter/foto/redigering: Heidi Lise Bakke