NRK Meny
Normal

Han har aldri merka noko til jantelova

Korleis er det når alle får vite at du har over 100 millionar i formue? For ein av formuetoppane er det viktigaste at han har midlar til å bidra til samfunnet.

Osland

GLAD LAKS: Eirik Osland og familien har jobba fram millionformue gjennom oppdrett av aure og laks.

Foto: PRIVAT

I dag tidleg kom fjorårets skattelister. Folk strøymer til for å sjå kven som tente mest, betalte mest skatt, og har mest i formue i 2016.

Blant formuetoppane i Sogn og Fjordane er andre generasjons fiskeoppdrettar Erik Osland på Høyanger sørside. Han står med ein formue på 131 millionar i 2016.

For Osland er ikkje det å figurere på listene noko mål. For 48-åringen betyr det mest å kunne gi noko tilbake til lokalsamfunnet.

– Når ein skal drive med ei næring, så er ein heilt avhengig av å tene pengar og vere solide. Det gir god tryggleik for eigar, tilsette og samfunnet rundt. God økonomi gjer at du kan ta dei rette vala, seier han.

Har aldri kjent på noko jantelov

Familien har skapt millionformue gjennom verksemda Osland Havbruk med Sognefjorden som arbeidsstad. Dei driv med oppdrett av laks og aure for den globale marknaden. 48-åringen sitt namn har vore trygt plassert på formuetoppen i fleire år, men noko jantelov har han ikkje merka noko til.

– På Høyanger sørside har eg aldri følt noko jantelov. Livet er både normalt og godt, seier Osland.

På formuetoppen i Norge tronar ein 24 år gamal laksearving. I Sogn og Fjordane kan oppdrettaren Ola Braanaas notere seg førsteplassen med ein formue på over 675 millionar. Det er nær 100 millionar meir enn i 2015, og det er ingen tvil om at fiskerinæringa går så det susar.

– Næringa går opp og ned, men har dei siste åra tent gode pengar. Då er det kjekt at vi kan bruke desse på å utvikle oss, meiner Osland.

I krystallkula spår han framleis fleire gode år.

– Marknaden for fisk er stor og sterk over heile verda. Vi vil nok halde fram godt i mange år framleis. Likevel må vi passe på kostnadane som aukar. Det jobbar vi med kvar dag.

Havbruk

LAKS OG AURE: Osland Havbruk har hovudkontor i Bjordal i Høyanger kommune.

Foto: PRIVAT