Hopp til innhold

Han er mest spent på utjamningsmandatet

I Sogn og Fjordane er tre av fire mandat så godt som sikre, men det fjerde, utjamningsmandatet, er det stor spenning rundt. Sveinung Rotevatn frå Venstre er ein av dei som håpar å vinne det.

I Sogn og Fjordane er det knytt stor spenning til kven som får utjamningsmandatet frå fylket. 
I fleire val har det måtta finteljing til, for å avgjera dette. For Sveinung Rotevatn i Venstre, blir kvelden og natta uvanleg spennande...

Rotevatn

I mange val har det måtta finteljing til for å avgjere kva parti som får dette mandatet. Og det er slett ikkje sikkert at det er det partiet som får fjerde mest røyster i Sogn og Fjordane som får det fjerde mandatet.

Dei siste meiningsmålingane tyder på at dei tre distriktsmandata er så godt som fordelte. Arbeidarpartiet, Høgre og Senterpartiet ser ut til å kapre kvar sitt mandat.

– Underleg kjensle

Difor set Sveinung Rotevatn si lit til at Venstre trekkjer det lengste strået når reknemeistrane har slege saman dei faktorane som avgjer kva parti som får utjamningsmandatet.

Ein hektisk valkamp er over. Han har sin første verkeleg rolege dag heime på Nordfjordeid på to månader.

– Det er ei underleg kjensle. I kveld blir dei neste fire åra av livet mitt avgjort, og det er ikkje eg sjølv som avgjer, det er det andre som gjer.

I sin første valkamp som stortingskandidat har han hamla opp med statsrådar i tv- debattar, flydd landet rundt som ungdomspolitikar og køyrt 8000 kilometer i bil. Alt i håpet om å få utjamningsmandatet frå Sogn og Fjordane.

– Det har blitt få timar heime i senga, desto fleire timar i bil.

(Artikkelen held fram under biletet).

Trude Brosvik og Norunn Lunde Furnes

HÅPAR OGSÅ: Trude Brosvik (t.v.) håpar saman med andrekandidat Norunn Lunde Furnes på at KrF får utjamningsmandatet i Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Lett å motivere seg

Men også den politiske stayeren frå Kristeleg Folkeparti, Trude Brosvik, håpar å få utjamninigsmandatet. Men om ho ikkje gjer det, så trøystar ho seg med at røystene ho får kan kome partifeller i andre fylke til gode.

– Det blir spennande, veldig spennande. Eg driv valkamp for dei sakene eg trur på. Om dei røystene som kjem inn på KrF i Sogn og Fjordane ikkje gir utteljing for meg, så er det andre KrF-arar som kan kome inn på dei. Difor er det lett å motivere seg.