Hopp til innhold

Han gler seg som ein unge til reinsjakta

Svend Arne Vee har gått og venta på denne dagen i lang tid. I dag startar reinsjakta.

Svend Arne Vee

«JUBEL OG AUDMJUK GLEDE»: Svend Arne Vee med ein reinskalv han har felt.

Foto: Privat

Redaktøren i Firdaposten er med i eit jaktlag som trålar fjellområda rundt Kvitingsmorki i Årdal, og han legg ikkje skjul på at dette er eitt av dei desiderte høgdepunkta i livet hans.

– Det er sommarfuglar i magen, og slik er det kvart år. Det løgne er at det blir ikkje noko mindre sjølv om det har gått meir enn 30 år sidan eg gjorde det for første gong i lag med far min.

Den utflytte årdølen forlet heimen i Florø i dag og set kursen for heimkommunen.

– Eg fer til fjells i kveld, vi klyv til fjells på Kvitingsmorki, ein gamal, flott støl rett over Naddvik i Årdal kommune. Der skal vi ha nokre dagar med reinsjakt og godt stølsliv. Det ser eg fram til.

Kvitingsmorki i Årdal

JAKTPARADISET: Stølen Kvitingsmorki midt på biletet er basen for jakta til Vee og jaktkameratane hans.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Hyllest til jaktlivet på Facebook

Og Svend Arne Vee meiner fleire burde kjenne den gleda og dei forventningane som jakta inneber. På Facebook-sida si skreiv han dette i går kveld:

Ein dag att så startar ho, villreinjakta – sjølve urjakta. Så full av kontrastar; eitt år i snødriv og blæst, neste gong i tjue plussgrader og linne august-solnedgangar på 1500 meter som brenn seg i minnet. Stundom beintungt, bratt og bannande over fjellets nomade, søkk borte og umogleg å finne.

Andre gonger jubel og audmjuk glede over å lukkast på små marginar. Vandrande langs tusenår gamle fangstanlegg og fallgraver, bygt av forfedrar med kunnskap vi ikkje lenger har. Men ein flik av urmannen har vi framleis i oss. Fleire burde ta ein tur i reinsfjellet og leite han fram. Det er plass til deg og.

Steiking av reinhjarte

GOURMETMAT VED SOLNEDGANG: Reinshjarte på steikepanna etter ein vellukka jaktdag.

Foto: Svend Arne Vee

Oppflaska med jakt

Villreinjakta startar altså i dag, 20. august, og varer til 25. september. Kvart år blir det felt mellom 4000 og 5000 dyr i heile landet. I vårt fylke er det i fjellområda mellom Aurland og Lærdal det er flest løyve.

I Statens Naturoppsyn sin foldar for villreinjegerar kan du lese meir om jakta.

Svend Arne Vee er oppflaska med reinsjakt, han traska i fjella rundt Årdal med faren og bestefaren frå han var stor nok til å vere med på jakt.

– Vi gjekk langs desse gamle sporteikna etter forfedrane våre, vi kunne studere gamle leiegjerde, bogahi og fangstgraver som har vore der i fjellheimen i tusenvis av år. Eg blir litt audmjuk av slikt, dette er kunnskap som var høgst nødvendig på den tid for å overleve, kunnskap som i vår tid dessverre har gått i gløymeboka.

Moro med ferskingar som spring etter reinen

Vee driv mykje med hjortejakt også, jakta på villreinen er nokså ulik hjortejakta.

– Det hender vi går fleire dagar utan å sjå eit dyr, det er litt lotto, men di meir du er i fjellet og lærer deg terrenget, di meir forstår du korleis reinen bevegar seg. Er du heldig kan du legge saman to og to og vere akkurat der reinen kjem.

For reinen må kome til jegeren og ikkje omvendt.

– Eg ser mange ferske jegerar spring etter reinen og prøver og ta han att. Dei blir lange i tunga. Dei som har jakta rein ei stund finn seg ein topp og har god underhaldning med dei som prøver å springe innatt ein reinsflokk.

Kvitingsmorki i Årdal

MOT JAKTTERRENGET: Frå stølsområdet på Kvitingsmorki mot Høganosi.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Uvanlege trekkruter i år

Jakta i år blir spesiell på grunn av all snøen som ligg att i fjellet.

– Dei rapportane eg har fått er at reinen i år har brukt trekkruter som er heilt uvanlege. Det handlar om at dei må kome seg dit det er mat. Det må vi ta omsyn til, det er ein del av det å lære seg å jakte på ein effektiv måte.

Rapportane han har fått tyder på at det ikkje vil vere rein i området rundt Kvitingsmorki dei første dagane av jakta.

– Men reinen er nomade, og det å flytte seg på ei strekning som vi brukar ein dag på, det gjer reinen lett unna på ein time. Før du veit ordet av det står dei brått der, sjølv om terrenget var tomt for ein time eller to sidan.

Har omvendt eit par kystbuarar

Fjellidyll i Årdal

– IKKJE TOMHENDT: Sjølv om dei ikkje ser eit dyr har dei utbyte av jakta med slike naturopplevingar, seier Vee.

Foto: Svend Arne Vee

Det har hendt at Svend Arne Vee har vendt nasen heimover utan kjøt i sekken, men han ser ikkje på det som bomturar.

– Du er ikkje tomhendt på opplevingar likevel, for reinsjakta føregår i så spektakulære omgjevnader at sjølve jakta blir ein rein bonus. Det å kome opp på snaufjellet og få vidsyn, det er noko heilt anna enn hjortejakta.

Vee reklamerer gjerne for villreinjakt blant vener i kystbyen Florø, og har greidd å lokke med seg nokre av dei.

– Eg har greidd å omvende eit par, eg skal forresten ha med meg ein Florø-kar som er debutant på reinsjakta i år. Det blir sikkert ei oppleving i seg sjølv.