Hopp til innhold

Han gler seg over fjordhestframgang

NORDFJORDEID (NRK): Etter mange år med nedgang var det i 2016 ein stor auke i talet på fødde fjordhestar. Det gler også landbruksminister Jon Georg Dale (Frp).

Jon Georg Dale

– GODT TEIKN: Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) tok turen til Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid i går.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Statsråden var på besøk på Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid onsdag.

– Det er veldig bra med ein slik auke. Vi har hatt ei utfordring på fleire av dei bevaringsverdige husdyrrasane ei tid. At det no tek seg opp er eit veldig godt teikn, og det viser at det blir jobba godt her, seier Dale til NRK.

– Minst 200 i året er målet

Tala viser at det i fjor vart fødd 129 fjordhestar, medan talet i 2015 var nede i 83. Magni Hjertenes Flyum ved Norsk Fjordhestsenter seier ho håpar dette er med på å snu den mangeårige negative trenden.

– Det var endå fleire bedekningar i fjor, så vi ventar på endå fleire føl i år. Vi må ha tru på vekst.

– Kvifor er det så viktig?

– Vi treng minst 200 nye fødde føl kvart år for å halde rasen sunn. Situasjonen er kritisk for alle dei nasjonale hesterasane. Raseorganisasjonane og dei nasjonale hestesentera samarbeider difor tett.

Jon Georg Dale

PÅ HESTERYGGEN: Statsråden fekk seg ein liten ridetur.

Foto: Asgeri Heimdal Reksnes / NRK

Tilbyr inseminering

I åra fram til 2010 heldt tala på fødde fjordhestføl seg på over 200, men i åra etter har det vore ein kraftig nedgang, heilt til det snudde i fjor.

På Norsk Fjordhestsenter kan eigarar av fjordhest få rådgjeving og hjelp om dei ynskjer å sette føl på hoppene sine. Ved inseminering er sjansen for at hoppene blir drektige over 70 prosent. Ved naturleg bedekning blir berre kring halvparten drektige.