Hopp til innhold

Klokkemakaren frå Eid i bunad var gallamidtpunkt i Stockholm i 1814

Erik O. Nord frå Eid var med i delegasjonen som overrekte den norske grunnlova til den svenske kong Karl den 13. i desember 1814.

Erik O. Nord-minneplate

MINNEPLATE: Ved Gamlebanken på Nordfjordeid har Nordfjord Sogelag sett opp denne minneplata.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Klokkemakaren og smeden var kjend og respektert i Nordfjord, og det var difor ikkje tilfeldig at han i 1814 vart vald som utsending til det første Stortinget hausten 1814.

Olav Haugen med ei Erik Nord-klokke

VARIG MINNE: Ein av etterkomarane til Erik O. Nord, Olav Haugen, med ei av klokkene Nord laga. Olav Haugen døydde i 2007.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Erik O. Nord var fødd i 1780 på garden Nord, og det blir fortalt at han alt før han var konfirmert hadde laga ei stoveklokke som han gav til presten Abildgaard.

Laga kårde til danskekongen

I 1810 vart han korpssmed i Nordfjords Bataljon. Der smidde han ein kårde som vart send som gåve til kong Frederik VI i København. Kongen var så nøgd med arbeidet at han gjorde Nord til Dannebrogsmann.

I 1814 vart han altså vald til tingmann til Riksforsamlinga som vart samla i oktober. Og smeden og urmakaren frå Nordfjord må ha sett seg i respekt i den embetsmannssterke forsamlinga, for han vart vald som medlem i Underhandlingskomiteen som ein av to frå bondestanden.

Vekte oppsikt i bunad

Dermed var han mellom dei som tok imot tronfråseiinga til kong Christian Frederik den 10. oktober 1814, og han var med i den sju manns sterke delegasjonen som i desember drog til Stockholm for å gje den norske grunnlova til svenskekongen Karl den 13, med stortingspresident Wilhelm Frimann Koren Christie i spissen.

Erik O. Nord var glad i å gå i bunad, og det gjorde han også då delegasjonen vart bedne inn til gallagjestebod på slottet. Og Nordfjord-bunaden vekte oppsikt, trass i at det ikkje var mangel på silke, fløyel, gallauniformer, smykke og medaljar i den fornemme forsamlinga

Bunaden til Nord er skildra slik: «Hvit vadmelstrøye med sølvknapper og grønne taggete kantinger, svart vest, svart knebukse med sølvknapper og sølvspenner ved kneerne, spriklete sokker og lave sko med sølvspenner i.».

Det blir fortalt at dronning Hedvig Elisabeth baud Nord opp til dans. Det skal ikkje ha falle mange orda mellom dei to, men soga fortel at dronninga gav uttrykk for at ho tykte det var varmt i dansesalen. Då skal Nord ha svart: «Ja, det trengst varme når to rike skal sveisast saman».

Medalje og lån frå svenskekongen

Svenskekongen skal ha tilbydd Wasaordenen til dei norske utsendingane, men Nord skal ha sagt nei takk til den. I staden fekk han ein gullmedalje og ein gulldåse med diamantar på.

Og velviljen frå den svenske kongen var ikkje slutt med det. Då Erik O. Nord nokre år seinare kjøpte handelsstaden Bryggja fekk han eit lån på 400 spesiedalar til det frå kong Karl Johan. Og då pengane skulle betalast tilbake, sa kongen at han heller kunne bruke dei til eit kornmagasin for Nordfjord.

Dette kornmagasinet var i bruk i 20 år. Då det vart selt vart vinsten brukt til å stifte Nordfjord Sparebank i 1853. Dette er forløparen til både Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest sine avdelingar i Nordfjord, så ein kan trygt seie at Erik O. Nord var ein samfunnsbyggar.

(Artikkelen held fram under biletet).

Stortinget 1833 - teikning

STORTINGET I 1833: Denne illustrasjonen syner Stortinget samla i 1833. Der var Erik O. Nord mellom tingmennene.

Venskap med Henrik Wergeland

I 1833 vart Erik O. Nord igjen vald inn på Stortinget. I denne perioden skal han ha hatt ein del å gjere med Henrik Wergeland. Også sonen Ole Nord var med til Oslo, og det blir fortalt at han fleire gonger lånte adgangsprovet sitt til stortingsgalleriet til Wergeland.

Heime i Nordfjord sette den driftige og allsidige klokkemakaren fleire spor etter seg. Han dreiv sagbruk og smier, og han var børsemakar. Men først og fremst laga han klokker.

Han laga mellom anna avanserte klokker med seks visarar, der den eine gjekk ein runde i året. Fleire av klokkene er tekne vare på, mellom anna på ulike museum.

Då kona hans døydde i 1857, flytta Erik O. Nord til Ålesund, til sonen, Claus Frimann Nord. Der døydde han i 1858, 78 år gamal.

Kjelder: Artikkelen «Samfunnsbygging sidan 1814» i Spiren, skriven av Pål Fidjestøl, utdrag av slektsregister skrive av Jens Haugen, og Fylkesleksikonet.