For å fylle hola i tilbodet, gir fylkeskommunen utanlandske tannlegar opplæring og jobb, mot at dei blir i fylket i minimum to år.
Ukrainske Dmitrij Chaustovic er den første i denne ordninga, og har allereie funne seg godt til rette i fylket.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Eg trivast veldig godt, og er veldig nøgd med at eg fekk jobb som tannlege her, smiler han.
Elendig i 2009
Allereie i 2006 for få år sidan
. I 2009 skildra fylkestannlege Bent Rønnekleiv situasjonen som elendig, med ti ledige tannlegestillingar og fleire ledige tannpleiarstillingar.Men skyhøge begynnarløner på 500 000 kroner og gode som ein fridag i veka for familiefolk, viste seg å ikkje vere nok for å fylle opp stillingane. I fjor stod
.- LES OGSÅ:
– Åtte stillingar er ledige og presset på dei som jobbar i det offentlege aukar sa Rønnekleiv då.
Får hjelp til autorisasjon
Dermed vende Sogn og Fjordane fylkeskommune augo mot utlandet. Men sjølv om mange utanlandske tannlegar vil jobbe i Norge, og mange norske utdannar seg i utlandet, manglar dei det praktiske arbeidet under utdanninga som gir dei autorisasjon i Norge.
Løysinga vart å hjelpe desse gjennom praktisk utdanning, mot at dei arbeider to år i ein kommune i Sogn og Fjordane.
- LES OGSÅ:
– Eg trur det er viktig for Norge at det kjem folk frå utlandet, og søkjer jobb som lege eller tannlege, seier Chaustovic.
Meir stabilitet
Ukrainaren får opplæringa si ved Sogndal tannklinikk og skal jobbe sine to år i Luster. Oppfølginga får Chaustovic frå tannlege Elisabeth Skrede i Sogndal.
Ho er positiv til prøveordninga.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Vi har stor tannlegemangel, og det er vanskeleg å få folk til å bli i stillingane og i distriktet. Det er kjempebra om denne ordninga fører til ein meir stabil tannlegesituasjon og bemanning i distriktet, seier Skrede.
– Over all forventing
Så langt er det altså berre Chaustovic som er teken inn gjennom prøveprosjektet.
Fylkestannlege Rønnekleiv trur likevel at ordninga er noko å satse vidare på.
- LES OGSÅ:
– Førebels er det eigentleg over all forventing. Det er ein veldig flink tannlege vi har fått tak i, han har fått veldig god oppfølging og tilbakemeldingane frå dei tannlegane som følgjer han opp er at dette er veldig, veldig vellukka, seier han.
Vil bli i fylket
Og ukrainske Chaustovic har ingen planar om å returnere til heimlandet, eller å flytte frå distriktet. Han ynskjer å bli i fjordfylket utover dei to åra.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Eg blir gjerne heile livet. Sogn og Fjordane er ein fin region, og eg likar meg verkeleg godt i Sogndal og Gaupne. Eg likar å gå turar, og det er det flott å gjere her, seier han.