Hopp til innhold

Han fryktar studentane i fylket står att som taparar

Studentvelferden blir svekka ved ein fusjon mellom studentsamskipnaden i fylket og i Bergen. Det meiner leiar av studentparlamentet Knut Almås Anfinset.

Student

FRYKTAR BERGEN: Slår studentsamskipnaden frå Sogn og Fjordane seg saman med Hordaland, fryktar Knut Almås Anfinset at studentane i fylket vil lide.

Foto: Privat

– For studentane sin del er ikkje dette bra. Vi kjem til å miste mykje påverknad og representasjonen i styret til samskipnaden, seier Almås Anfinset som er leiar for studentparlamentet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Med knappast mogleg fleirtal sa høgskulestyret i Sogn og Fjordane 9. juni ja til å gå inn i Høgskulen på Vestlandet, saman med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund.

På måndag kan Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane og Studentsamskipnaden i Bergen avgjere om dei skal slå seg saman. Då ventar eit møte med kunnskapsdepartementet. Studentane ved HiSF har i dag fleirtal i styret til studentsamskipnaden, men fryktar dei mister innflytelse ved ein fusjon med Bergen.

– Det beste vi kan håpe på med denne fusjonen er å få ein fast representant i SIB-styret på deling med Høgskulen Stord Haugesund. Denne studenten blir aleine om å føre regionspolitikk. Det kan på ingen måte måle seg med dagens løysing, seier Almås Anfinset.

Har sagt nei til avtale

Til møtet på måndag går studentsamskipnaden inn utan ei avtale. Avtala fann dei ikkje god nok.

– Studentsamskipnaden sitt styre har sagt nei til avtalen som har vore forhandla fram. Dei ønskjer å få ein best mogleg avtale for studentvelferden. Per i dag i vurderar dei avtalen som ikkje god nok, seier rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Rasmus Stokke.

Rasmus Stokke

RESPEKTERER SYNSPUNKTA: Rektor Rasmus Stokke ved Høgskulen i Sogn og Fjordane vil ha ei avtale som vil vere for det beste for studentane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Han har full forståing for frykta til studentparlamentet.

– Vi må ha respekt for at studentane føle ei uvisse. Difor må vi få til ei avtale som er så god som mogleg, seier Stokke.

– Vi har det veldig bra sånn som det allereie er

Almås Anfinset meiner ein fusjon vil svekke studentvelferden.

– Vi har det veldig bra sånn som det allereie er. Då blir det dumt å gje frå seg si eiga stemme, seier Almås Anfinset.

Særleg avstanden til Hordaland og den store forskjellen i tal på studentar skapar problem, meiner Almås Anfinset.

– Vi ligg fire timar vekke frå Bergen, og påverknad frå vår region vil bli dårlegare. Studentsamskipnaden i Bergen har 30 000 studentar, medan vi har 3700 ifrå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Då vil vi få veldig lite gjennomslag.

Han ser med spenning på utfallet av møtet på måndag.

– Eg kryssar fingrane, men eg veit det er sterke krefter som går for fusjon, sjåar Almås Anfinset.