NRK Meny
Normal

«Har Vegvesenet eit dårleg kontor, så byggjer dei nytt og får standarden dei skal ha»

Bergensaren Stig Mjelde har køyrt gjennom fjordfylket i årevis. Då NRK.no møtte tungbilsjåføren i Jølster klarte han ikkje lenger halde misnøyen sin for seg sjølv.

Stig Mjelde

MISNØGD: Stig Mjelde har i mange år køyrt gjennom Sogn og Fjordane, og har i like mange år latt seg irritere over standarden.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Det er ein harmdirrande Stig Mjelde NRK møter ved Esso-stasjonen på Skei. Bak på semitraileren ruvar ei diger gravemaskin.

På veg sørover mot heimfylket ventar Jølstravatnet på Mjelde, men først etter nokre sanningens ord om vegnettet.

– Når du har eitt hus, og du får familieauke, så vil du ha større hus. Har du ikkje råd til å byggje nytt, så byggjer du på litt. Så får du leve med det i dei 20-30-50-åra som vi må vente for å få ny veg, seier han.

Skuldra knekkjer

Bergensaren har mykje på hjartet og fortel om smale vegar som tvingar tungtrafikken i grøfta. Andre stader smalnar støypte rekkverk inn ein allereie smal veg. I beste fall fører det til trøblete passeringar mellom to køyrety.

Passering på E39

LANG TID: Slike møte på smale vegar i fjordfylket er ikkje noko ukjent syn.

Foto: NRK

Han skjønar ikkje kvifor Statens vegvesen ikkje utbetrar vegskuldrar og asfalterer i heile breidda.

– Du kan berre sjå etter vegen, så ser du kanten. Når vi køyrer på den, så knekk den. Og kvitestripa er vekke fordi vi har køyrt på den. Bilane er 2,50 meter, pluss speglane. Det er fem meter, og då treng du seks meter vegbreidde. Er vegen 5,50 så seier det seg sjølv kvar vi må køyre, seier han.

– Dei byggjer nytt

– Har Vegvesenet eit lite dårleg kontor, så byggjer dei nytt med det same og får den standarden dei skal ha. Vi har eit miljøomsyn vi også må ta. Dette er trass alt arbeidsplassen vår, held Mjelde fram.

Fleire stadar i fylket ventar folk på heilt nye vegar som skal føre til ein ny kvardag.

  • Har du bilete/video eller innspel til dårlege vegar? Tips oss på sf@nrk.no eller på NRK si tipsside.

Mjelde meiner kvardagen er her og no, og meiner ein bør kunne reparere og forsterke det ein har. Slik at ein kjem seg fram.

Får støtte

Den frustrerte tungbilsjåføren får støtte frå avdelingsdirektør Nils Magne Slinde hos Statens vegvesen.

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

FORSTÅR: Nils Magne Slinde er avdelingsdirektør i Statens vegvesen region Vest.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Han seier dei lenge har ynskt eit betre vedlikehald, men konstaterer at forfallet no er svært stort.

– Det har vore vårt innspel i fleire revisjonar av Nasjonal Transportplan. Vi ynskjer oss meir pengar til å ta vare på det vegnettet vi har, framfor å byggje nye og store prosjekt, seier han og legg til at eit betre og breiare dekke er eit sterkt ynskje for vegane i fjordfylket.

Vil under asfalten

Vegvesenet har fått meir midlar til dekkelegging dei siste åra, men Slinde seier at dei også ynskjer å utbetringar under asfalten.

– Vi hadde hatt større nytte av nytt asfaltdekke om vi fekk skifta ut ein del massar under asfalten, tatt att nokre grøfter og retta opp nokre nes og utstikkande fjellhamrar som vi har mykje av her i fylket, seier han og legg til at ynskja hos etaten ikkje harmonerer heilt med ynskja til dei som sit med prioriteringane og pengesekken.

Tunnelane først

– No er fokuset vårt å gjere strakstiltak som må gjerast for å ikkje stengje deler av vegnettet. Som kjent har vi mykje dårlege installasjonar i tunnelane våre, det er der vi har sett inn trykket vårt i første runde og det er der der vi må bruke ekstramidlane som kjem først, legg Slinde til.

Mjelde meiner at ting går at det burde vore gjort meir alt i dag for å gjere vegane breiare.

– Vi har framleis ikkje fått skikkeleg veg frå Førde til Bringeland. Når kjem den? Eg har venta i 30 år. Skal det gå 30 år til, undrar han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.