Hopp til innhold

Han felte den legendariske Naustdal-ulven for 64 år sidan - no kjem minna fram

Då det denne veka vart gitt fellingsløyve etter at ein ulv har drepe sauer i Naustdal, vekte det sterke minne hjå 85 år gamle Dagfinn Berg.

Dagfinn Berg

MINNEST ULVEJAKTA: Dagfinn Berg mimrar i senga på Hafslo omsorgssenter. Han fortel at dei bar det velvaksne dyret på ryggen til gards, for dei rekna med at ingen ville tru dei elles.

Foto: Arve Uglum / NRK

For sist det var ulv på dei kantar avfyrte Berg skota han framleis vert hugsa for, 64 år seinare.

I senga si på Hafslo omsorgssenter ligg Dagfinn Berg og ventar. Dagane går sakte her, og det er lenge til middag enno, men i det han skrur på radioen flyg tankane tilbake til hausten 1950.

– Det kom til å gå gjetord

For på radioen høyrer han at det igjen er ulv i Naustdal, for første gong sidan haustdagen for 64 år sidan. Den dagen Dagfinn har vorte minna på igjen og igjen.

– Eg hugsar dei dreiv og spøkte med dette, at det kjem til å gå gjetord om då Berg-karane skaut ulv i Svartevassbotnen. Dei skulle ha visst kor rett det vart.

Dagfinn og Henrik Berg med Naustdalulven i 1950

BAR ULVEN HEIM: Dei rekna med at ingen ville tru dei om dei berre fortalde om hendinga. Difor bar dei det velvaksne dyret på ryggen til gards.

Foto: Dagfinn Reiakvam

Det glimtar i augene - og i glimtet ser du føre deg den unge, uredde, sterke og impulsive 21-åringen Dagfinn ein gong var. Saman med søskenbarnet Henrik var han på arbeid inst i Naustedalen.

– Vi hadde teke på oss å grave ut ei hyttetomt innved Vonavatnet, og så såg vi desse ulvespora. Vi tenkte at dette skulle vi nesten ha undersøkt.

Nemnde ikkje ordet ulv

Fotspora var enorme - større enn noko dei hadde sett, men ingen av dei nemnde ordet ulv.

– Det var ingen som hadde sett ulv der dei siste 80 åra, så vi nemnde ikkje ulv, men vi trudde oss to imellom at det var ulv, så vi gjekk heim og henta børsa. Vi gjekk langt på timen, og plutseleg såg eg noko som stod bak nokre steinar og glante på oss.

Dagfinn og Henrik Berg med Naustdalulven

MÅTTE POSERE: Dagfinn (t.v.) og Henrik Berg med ulven Dagfinn skaut.

Foto: Dagfinn Reiakvam

Dei nærma seg - og dyret drog seg vekk. Fleire gonger. Dagfinn rekna seg som ein sånn passeleg god skyttar, og på 150 meters hald let han det stå til.

Avstanden var lang og terrenget ulendt - men Dagfinn trefte - sannsynlegvis med det første skotet.

– Han måtte finne seg i å slå av på farten, han tok til å bli temmeleg sliten, blodtapet var stort.

Ulven sakka av - jakta nærma seg slutten.

– Då fyrte eg av eit skot, og det var tydeleg at det trefte, for han reiste seg opp med gapande kjeft og såg tilbake på oss.

Eit siste skot på kloss hold avslutta ulven sine plager.

– Vi fôr ikkje noko fint med han, men det var ingen som tenkte slik.

Bar ulven til bygds

Men kva skulle dei så gjera? Ingen ville tru dei om dei berre fortalde om kva dei hadde gjort.

Dermed bar dei dyret på ryggen nedatt i bygda - og sjølv ikkje då var det nokon som ville kalla det ein ulv.

– Vi drog til dyrlegen, og han sa at det fanst ikkje tvil, det var ulv.

64 år seinare har Dagfinn ikkje råd å gje til dei som jaktar ulv i Naustdal i dag, utanom at dei må vere tålmodige.

– Det er ikkje så enkelt som berre å gå bort i marka og skyte.