Hopp til innhold

Han fekk det første smilefjeset

I dag delte Mattilsynet ut det første smilefjeset i Sogn og Fjordane. Det gjekk til Scandic Sunnfjord Hotel i Førde.

Odd Erik Gullaksen

TO BREIE SMIL: Hotelldirektør Odd Erik Gullaksen med det første smilefjeset Mattilsynet har delt ut i Sogn og Fjordane.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Over 200 kaféar og restaurantar rundt om i heile fylket vil dei komande månadene få eit slikt tilsyn, med resultatet hengt opp på døra. Anten blir det eit smilefjes, eit surt fjes eller strekmunn.

Målet er at matgjester skal kunne sjå om matkvalitet og hygiene er på plass når dei skal ete på restaurantar, kaféar eller andre matplassar.

– Reine og pene i tøyet

NRK var med då inspektør Ann Karin Nes i Mattilsynet kontrollerte kjøkkenet ved Scandic Sunnfjord Hotel.

– No har vi sjekka handvask, vi har sjekka at det er reint, at det er orden her og korleis lokalet ser ut. Og det ser greitt ut. Så sjekkar vi at internkontrollen er i bruk, men vi går ikkje inngåande inn i papira.

– Så måler vi temperaturar, ser til at kjølekjeda ikkje er broten. Vi sjekkar og at dei tilsette er reine og pene i tøyet og har god personleg hygiene. I tillegg sjekkar vi om dei har kontroll på merking av allergener i maten.

Mattilsynet på Sunnfjord Hotell

KONTROLL AV KJØKKENET: Inspektør Ann Karin Nes i Mattilsynet (t.h.) sjekkar at kjøkkensjef Ida Marie Stuhaug har alt på stell.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Litt spent

Ida Marie Stuhaug er kjøkkensjef, og ho synest det er heilt greitt å ha Mattilsynet på besøk.

– Vi er vane med tilsyn frå før, så eg synest det er bra at det viser utad til gjestene at vi prøver å halde kvaliteten oppe, så det er positivt. Slike smilefjes vil vise kven som er seriøse.

– Er du litt spent?

– Ja, det er eg. Vi veit at vi gjer ein god jobb, så eg er ikkje så veldig redd for at det skal gå gale. Men det er alltid spennande.

Mattilsynet på Sunnfjord Hotell

TEMPERATURSJEKK: Ann Karin Nes kontrollerer at det er rett temperatur i kjølerommet.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Oppe til eksamen

Direktør Odd Erik Gullaksen måtte også vedgå at han var litt spent på utfallet.

– Eg er ikkje nervøs, men litt spent. Vi er jo oppe til eksamen kvar gong eit tilsyn er her. Det er viktig at vi har rutinane på plass i det daglege, så eg håpar Mattilsynet ser at det jobben er blitt gjort hos oss.

Han helsar ordninga med smilefjes eller sure fjes velkomen.

– Det får fram seriøsiteten i bransjen. Har ein ikkje noko å skjule er det fint å få det fram. Det vil og vere ein ekstra tryggleik for gjestene våre å sjå at vi fylgjer rutinane. Det skal ikkje berre vere god mat, det skal og vere trygg mat.

Smilefjes frå Mattilsynet

I DØROPNINGA: Plakaten med smilefjeset blir plassert godt synleg for gjestene.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Første smilefjeset

Gullaksen forsikrar at dersom dei skulle ende opp med ein strekmunn eller eit surt fjes så vil hotellet straks gå i gang med å endre rutinane sine og be Mattilsynet kome på ny kontroll så fort som råd.

Men det enda opp med eit smilefjes for Scandic Sunnfjord Hotel, det første som Mattilsynet deler ut i Sogn og Fjordane, og det fekk fram eit like breitt smil hjå hotelldirektøren.

– Vi er veldig godt nøgde med resultatet, og vi kjem til å jobbe for at det skal vere slik kvar gong vi får tilsyn.