Hopp til innhold

Han er ute store delar av sesongen

Kasper Nissen har skada korsbandet i kneet og mister store deler av sesongen for Sogndal.

Kasper Nissen

TRØBBEL: Måljegeren Kasper Nissen er ute i fleire veker.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Spissen som Sogndal har sett stor lit til for sesongen 2017 pådrog seg skaden under den siste treningsøkta før laget reiste til Gran Canaria.

No blir ikkje 19-åringen å sjå på bana før til hausten.

– Kasper har skada fremre korsband i kneet og skal opererast i Oslo når all hevelse er vekke, seier medisinsk ansvarleg Trond Vegard Ripe til nettstaden sogndalfotball.no

– Dette er ein skade det tek lang tid å bli frisk av. Nissen er tilbake på bana tidlegast i haust, seier Ripe.

Fleire skader

19-åringen kom til Sogndal frå Nest-Sotra i 2016. For Nest-Sotra spelte han 26 kampar og skåra 18 mål.

Men dansken er ikkje den einaste av sogndalspelarane som slit med skade i sesongoppkøyringa.

Kantspelar Lars Christian Kjemhus måtte reisa heim frå Gran Canaria etter berre nokre dagar.

Han skada seg under trening og har ein leddbandskade i kneet. Han skal til sjekk hjå ortoped ein av dei første dagane.

Men Kristoffer Ryland er i gang med treninga etter skadeproblema. Han fekk mesteparten av sesongen i fjor spolert av ein meniskskade.

Kristoffer sluttar seg til resten av gruppa når me kjem heim frå Puerto Rico, seier Ripe til sogndalfotball.no.

Den tredje skaden i sogndalstallen er på Christophe Psyché. Han har hatt eit brot i bekkenet. Spelaren er under opptrening, men det er uvisst om han rekk sesongstarten.

– Håpet er at Christophe er tilbake når me er i Marbella om nokre veker, seier Ripe.

Schulze tilbake

Martin Ramsland har vore ute med ein muskelskade og driv for tida med alternativ trening.

Eirik Schulze har vore ute grunna trøbbel med lysken, men nettstaden melder at han snart er tilbake for fullt.