Øren hadde ein fantastisk sesong i 2000 då Sogndal Fotball rykte opp, og skåra det avgjerande målet mot Vålerenga på Ullevål. I dag vart han kåra til tidenes venstrekant, og får dermed plass på tidenes Sogndal-lag:
– Det er heilt fantastisk. Spesielt når det er folket som bestemmer, seier Øren.
- LES OGSÅ: Du skal kåre tidenes Sogndal-lag
Litt historie
Øren vart stygt skadd i den første eliteseriekampen han spelte i 2001, og var ute med knekt fot nesten heile sesongen. Han kom tilbake på bana, men vart skadd igjen.
Han hadde ein bra sesong i 2003, men fekk det ikkje heilt til i 2004 og 2005. Øren gjekk til HamKam, og seier sjølv at det ikkje vart ein suksess. Han kom aldri i sin rett i klubben og kom difor tilbake til Sogndal i 2010.
Men tilbake i Sogndal fekk han liten tillit og sleit benken nesten heile året. Men i den avgjerande kampen mot Fredrikstad var han tilbake og putte 2-0-målet som avgjorde heile kampen. Han la likevel opp etter sesongen på grunn av manglande tillit.
Set stor pris på kåringa
I dag jobbar Øren som assistent i barneskulen i Sogndal. Han er glad for at han er kåra til tidenes venstrekant:
– Det set eg veldig stor pris på. Det viser at eg i alle fall har gjort noko riktig, seier han.
TIDENES SOGNAL-LAG (4-4-2): Terje Skjeldestad, Petter Melchior, Asle Hillestad og Arild Førde, Gunnar Sigmar Håre, Knut Christiansen, Rune Buer Johansen, Atle Torvanger, Tommy Øren.