Han er tidenes høgreback i Sogndal

Petter Melchior hadde ikkje trudd at folk skulle hugse han så lenge etter at han la opp. Likevel: No har han fått plass på tidenes Sogndal-lag.

Petter Melchior (t.v.) og Atle Torvanger på veteranturnering

HELD KONTAKTEN: Petter Melchior (t.v.), Atle Torvanger og dei andre gamle Sogndal-heltane held framleis kontakten. Her er dei i aksjon under helgas veteranturnering i Lærdal.

Foto: Jon Navarsete

- Det var kjekt. Eg hadde ikkje trudd det var så mange som hugsa så langt tilbake i tida, seier Melchior.

I førre veke kåra lyttarane og lesarane til NRK Sogn og Fjordane Terje Skjeldestad til tidenes Sogndal-keeper. No får målvakta selskap av Petter Melchior på høgrebacken.

Sunnmøringen vart ein suveren vinnar av kåringa på NRK.no .

Spelte 192 kampar i svart og kvitt

Melchior spelte for Sogndal frå 1979 til 1986, og var då ein typisk offensiv høgreback. Han kom i utgangspunktet til Sogn for å ta lærarutdanning, men då han møtte opp på trening med klubben skjedde ting raskt.

Etter debuten mot Sarpsborg i 1979 var han fast på laget alle dei åtte sesongane han var i klubben. Melchior fekk heile 192 kampar for Sogndal.

- Høgdepunktet i tida mi i Sogndal er nok då eg fekk vere med og rykkje opp i 1981. Det var stort, seier han.

Stemt fram blant sterke kandidatar

I helga var Melchior med Sogndal sitt lag på veteranturneringa i Lærdal. Der spelte Sogndal seg heilt fram til finalen - og Melchior teikna seg fleire gongar på scoringslista.

- Det var artig. Eg scora ikkje mange måla då eg var aktiv, ler han.

Melchior stakk av med plassen på høgrebacken framfor spelarar som Willy Ljøsne, Eirik Hillestad, Trond Helgesen og Robbie Russell.

No treng vi to midtstopparar til å brøyte veg i forsvaret på tidenes Sogndal-lag. Kven vil du at dei skal vere?

Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.
I Gloppen har alle skular fått sjakkbrett i gåve av sjakklubben. No vil klubben ha sjakk som valfag i skulen.
Aril Sande frå Nordfjord har vore mannskap på Siem Pilot i Middelhavet det siste året.