Hopp til innhold

Han er på prøvespel i Oslo, men Florø vil halde fast på han

FLORØ (NRK): Vålerenga har henta Rashad Muhammed på prøvespel, men Florøtrenaren er lunken til å selje stjerneskotet.

Rashad Muhammed

MÅL: Franskmannen Rashad Muhammad var ein viktig spelar for Florø sist sesong. No er fleire interesserte i spissen.

Foto: TRULS KLEIVEN

Den franske spelaren kom frå franske PSG (Paris St. Germain) i fjor vår. Sidan då har han blitt ein viktig spelar for klubben, som kjempa seg til opprykk til 1. divisjon. No snusar andre på spissen.

– Han reiste til Oslo og Vålerenga på måndag, og skal vere til torsdag. Planen er at han skal vere med oss i kampen mot Åsane, seier trenar Terje Rognsø.

Sidan opprykket vart sikra har han blitt nedringt av agentar frå nær og fjern som vil kikke nærare på fleire av spelarane, men sjølv er han lunken til å gje slepp på dei.

– Eg har ikkje snakka med Vålerenga etter at han reist. Dei vurderer han, men eg har i grunn ikkje ein spelar til sals. Vi har blitt kontakta av fleire tippeligaklubbar om han og andre, fortel trenaren.

Han seier dei ser stort potensial i franskmannen og ynskjer å profittere på det.

– Dei spelarane vi har no, dei satsar vi på. Når det gjeld verdi, så håpar vi dei skal levere varene no også, og at verdien blir større. Vi har ikkje tenkt slik før, men vi må gjere det no. Og det er difor vi har mange av spelarane på lengst mogleg kontrakt, seier Rognsø.

Rashad Mohammad på prøvespeling for Vålerenga.

Florø-trenar om Rashad Mohammad