Hopp til innhold

Han er overtydd om at fleire vil følgje hyttedraumen

BARLINDBOTN / FLORA (NRK): I det furukledde landskapet med utsikt over fjorden, skal det kome 22 nye hytter. Men utbyggjaren har god tid i ein førebels treig marknad.

Roger Ellingsund i Barlindbotn

BYGGJEKLART: Roger Ellingsund syner fram området i Barlindbotn der det med åra vil bli tett med hytter.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi er heilt sikre på at marknaden snur og vi har ingen hast med å få bygd ut dette. Dette skal skje i eit tempo som kundane ønskjer. Om det blir bygd ut ei tomt i år, tre neste år og to året etter er det marknaden som bestemmer.

Det fortel Roger Ellingsund medan han syner fram dei idylliske naturtomtene til NRK sin reporter. Han er overtydd om at nærleiken til sjø og skog vil føre til eit utseld hyttefelt, på litt sikt.

– Vi ser eit forholdsvis stort område som er planlagt, prosjektert og godkjend for 22 hyttetomter som folk kan velje sjølv om dei vil har realisert nøkkelferdig, eller om dei vil gjere alt sjølve for å realisere sin eigen hyttedraum, seier Ellingsund.

Det dramatiske fallet i oljeprisen og dystre utsikter for arbeidsløyse er faktorar som har spelt inn i hyttemarknaden landet over. Men hos den største eigedomsmeklaren i fylket er det forsiktig optimisme å spore.

Trur på ein større marknad

– Om vi ser litt inn i krystallkula så trur eg at hytte- og fritidsmarknaden i Sogn og Fjordane kjem til å bli meir og meir populær. Vi opplever ein auka etterspurnad frå folk her i fylket, men også frå nabofylka Hordaland og Møre og Romsdal, seier Pål Anders Kårstad i Sogn og Fjordane eigedomsmekling.

– Men let ikkje folk seg påverke av lågkonjunkturane?

– Jo, det er mange som les om selskap som må nedbemanne og folk som mistar jobben. Men nedgangen i petroleumsbransjen treff ikkje Sogn og Fjordane like hardt. Det som er det interessante er jo at hyttemarknaden i heile landet har hatt ein auke i etterspurnad og hatt gode salstal.

Kårstad trur at det låge rentenivået igjen vil føre til at folk vel å finansiere hyttedraumen sin med høge låneopptak, gjerne med tryggleik i eigen bustad.

Pål Anders Kårstad

OPTIMIST: Pål Anders Kårstad i Sogn og Fjordane eigedomsmekling.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Ting går opp og ned

Per 14. mars låg det ute 60 fritidsbustader og tomter på finn.no, mellom anna i Barlindbotn i Flora. Ei rekkje hytter ved alpinanlegga i fylket er også til sals no rett før påskehøgtida.

Men Roger Ellingsund har ingen hast med å få seld unna tomtene familieselskapet eig i Flora. Dei vil bli fylt opp med hytter før eller seinare.

– Det er stille i marknaden, men eg vil seie at ting går opp og ned i økonomien, og gjerne i livet elles. Men draumane vil alltid vere der, og moglegheita for å realisere dei er alltid der. Dei som tør å satse har sjeldan angra.