NRK Meny
Normal

Han er ny sjef for Helse Førde

Rådmannen i Høyanger er tilsett i toppleiarstillinga i Helse Førde. Det blei bestemt i eit styremøte i helseføretaket.

Arve Varden

RÅDMANN I HØYANGER: No må Arve Varden skifte arbeidsstad.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg er veldig glad for tilliten frå styret, og er glad for å vere med på utvikle helsetilbodet i fylket vidare. No ser eg fram til eit godt samarbeid med dei tilsette, seier Arve Varden.

Varden var ein av sju søkjarar som hadde meldt seg til stillinga som administrerande direktør i Helse Førde.

Han har vore rådmann i Høyanger sidan 2011, men er ikkje heilt ukjend i helseføretaket. Han var klinikkdirektør for Medisinsk klinikk i Helse Førde før han tok til som rådmann.

Dei siste dagane har politikarane i Høyanger prøvd å pønske ut korleis dei kan hindre at rådmannen deira skulle bli sjef i Helse Førde, men til ingen nytte.

– Når ein sluttar med noko ein likar, så vert ein vemodig. Eg har hatt sju veldig gode år i Høyanger, men eg er klar til å gjere ein god jobb i Helse Førde.

Fristen for å søkje på stillinga gjekk ut 20. september, men tilsetjingsutvalet forlenga søknadsfristen til 20. oktober. Grunngjevinga då var at dei ynskja eit best mogleg tilfang av søkjarar til stillinga.

Måtte finne arvetakar etter Bolstad

- Eg er svært tilfreds med at vi har fått ein særs kompetent ny administrerande direktør for verksemda. Med sin bakgrunn frå leiarstillingar i Helse Førde og Høyanger kommune, vil Arve Varden bidra til å nå måla vi har sett oss for å utvikle Helse Førde vidare, seier styreleiar Agnes Landstad i Helse Førde.

Den tidlegare toppleiaren Jon Bolstad gjekk av som administrerande direktør i mai etter 13 år i stillinga. Han blei tilsett som ny administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest.

  • Les også:

Helseføretaket var prega av ein langvarig konflikt som starta på seinsommaren i fjor. Det byrja med ei varslarsak mot viseadministrerande direktør Vidar Vie, og heldt fram med full mistillit mot heile den sitjande føretaksleiinga frå eit nesten samla tillitsmannsapparat. Dette resulterte i ekstern gransking, som kom med mild kritikk av leinga i Helse Førde. Nestsjef i Helse Førde, Vidar Vie, trakk seg i mars 2017.

Børge Tvedt, som har fungert som administrerande direktør i Helse Førde sidan Bolstad gjekk av, søkte ikkje på stillinga.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.