NRK Meny
Normal

Han er munk ved Stad

SELJE (NRK.no): I Selje har ein munk funne sitt jordiske paradis. No gir han ein forsmak på kva bygdefolket i Selje har i vente.

Like ved Stadtlandet, på øya Selja, har ein munk funne sin draumestad. No gir han ein forsmak på kva bygdefolket i Selje har i vente.

SJÅ TV-REPORTASJE FRÅ VESTLANDSREVYEN: Slik lever Fader Damaskinos på Selja.

I ei sjøbu, med utsikt til den gamle klosterøya Selje har fader Damaskinos fått gratis husly.

– Berre sjå på det, det er tre, det er enkelt og vakkert. Sjøen er nær, og du kan kan gå ut på brygga rett ved fjorden.

Det gamle klosteret på Selja har ikkje vore i bruk sidan storheitstida i mellomalderen, no vil dei bygge eit nytt kloster på øya.

– Eg håpar dette vil få folk til å kome til Selje. Får vi eit nytt kloster her, trur eg folk frå både fjern og nær vil kome.

Det er mykje arbeid som gjenstår, planar og byggjeløyer må på plass. Resultatet håpar både munkane og bygdefolket skal skape nytt liv i kommunen.

Om få dagar er to nye munkar på plass i det midlertidige klosteret i Selje.

Klosterruinane på Selja

ELDGAMLE TRADISJONAR: Klosteret på Selja hadde si storheitstid i mellomalderen.

Foto: Steinar Lote / NRK

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.