Hopp til innhold

Han er IKKJE frå Sogn og Fjordane

Kunnskapsministeren presiserte frå Stortinget sin talarstol.

Video nsps_upload_2009_3_12_15_54_34_422.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Statsråden sitt heimfylke er Akershus og heimkommunen er Vestby. Men eg har i mange år budd i Sogn og Fjordane, svarte kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell under Stortinget sin spørjetime onsdag.

Høyr ministeren frå talarstolen i Stortinget.

Solhjell sitt endelege farvel med Naustdal som heimbygd og Sogn og Fjordane som heimfylke kom etter at han vart utfordra av Jon Jæger Gåsvatn (Frp) i Stortinget sin spørjetime.

Diskusjon om fylkestilknyting

Gåsvatn viste til NRK si sak om Ronja Eikeset, som er elev på Firda vidaregåande. Ho får ikkje vitnemål fordi ho har valt ein for komplisert matematikkombinasjon. Gåsvær viste til at dette skjedde i Solhjell sin "nabokommune" Gloppen.

Solhjell gjekk nett sigrande ut av ein hard nominasjonsstrid i Akershus. Der vart han mellom anna skulda for ikkje å ha sterke nok band til Akershus og Vestby.