Hopp til innhold

Han er i gang med skiløypene alt

STRYN (NRK): Snøen har lava ned i Nordfjord siste dagane, og Arvid Hatledal er ikkje sein å be. Alt søndag kveld tok han den første runden med løypemaskina frå Ullsheim Skisenter i Markane.

Arvid Hatledal

35 ÅR SOM LØYPEKØYRAR: Arvid Hatledal synest det er kjekt når han kan gi folk gode skiløyper.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg var ein tur for å sjå korleis det såg ut innover fjellet. Det var ein 20–30 centimeter inne på Holesætra. Det er litt mjukt under enno, men det vart fine løyper, så om folk vil ha seg ein tur, så går det an.

På Ullsheim var det skikkeleg fin vinterstemning måndag, med snø på granskogen.

– Det er veldig fint no, hadde det berre vart, seier Hatledal, som driv firmaet Turløyper Stryn.

Håpar folk kan gå i helga

Tysdag kan han framleis rapportere om bra tilhøve for dei som vil trene eller berre nyte skilivet.

– Eg preppa i går kveld, og det var kjøligare i natt, så løypene ser bra ut. I går kveld var det ein del som trente både i skøyting og klassisk. No er det meldt mildare, men det skal bli litt kaldare att mot helga, så eg har eit håp om at folk kan få gå på ski då.

Men han har ikkje tru på at det no blir permanent opne skiløyper.

– Eg er skeptisk, for som regel blir det periodar med mildvêr fram mot jul.

I fjor opna dei løypene 28. november.

Løypekøyring på Ullsheim 30. 10.17

FINE LØYPER: Slik såg det ut i løypene måndag kveld.

Foto: Arvid Hatledal

Har køyrt løyper sidan 1982

Arvid Hatledal har sytt for at skientusiastane har hatt oppkøyrde løyper heilt sidan Ullsheim vart opna.

– Eg trur det var i 1982. Eg køyrde løyper med skuter den første tida.

35 år seinare er utstyret langt meir avansert, og det syner att i det omfattande løypenettet i Stryn. Arvid Hatledal brenn for at folk skal ha gode løyper.

– Når eg ser på TV at dei har kome i gang på Sjusjøen, så tenker eg at dei må få prøve seg på ski her og.

Snø på Sogndal skisenter oktober 2017

MÅ HA LITT MEIR: På Sogndal Skisenter kom den første snøen 24. oktober, men det må litt meir til før løypemaskinane blir starta.

Foto: Sogndal skisenter

Så vidt NRK har funne ut, er Skiløyper Stryn enno åleine i Sogn og Fjordane om å kunne tilby perparerte skiløyper.

Hornindal skisenter 31.10.17

IKKJE NOK ENNO: Slik ser det ut i Hornindal skisenter tysdag.

Foto: Webkamera