NRK Meny
Normal

Han er framleis viljug til sivil ulydnad

Eid-ordførar og sentralstyremedlem i Venstre, Alfred Bjørlo, held fast ved at han er viljug til å lenke seg fast i kampen mot fjorddeponi.

Alfred Bjørlo (V) under fylkestinget i Førde 12. mai 2013.

VIL AKSJONERE MOT FJORDDEPONI: Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Då regjeringa i fjor gav løyve til gruvedrift og omstridd fjorddeponi ved Vevring i Førdefjorden, sa Bjørlo at han var viljug til å lenke seg fast for å stoppe prosjektet.

Tysdag vart 15 fastlenka aksjonistar pågripne då dei freista å hindre prøveboring i Engebøfjellet. Dei kan få følgje av Bjørlo, men ikkje enno.

– Eg har sagt, og det står eg ved, at sivil ulydnad er eit verkemiddel som eg har forståing for og støttar i dette tilfellet. Og når eg støttar det i prinsippet betyr det også at eg i prinsippet sjølv vil vere viljug til det.

– Men då snakkar vi om sjødeponi. Sjølve gruveaktivieten og det å drive gruve har eg sagt er ei sak det er mogeleg å få til og som ikkje er problematisk i seg sjølv.

– Men den dagen dei tek til å dumpe noko i fjorden, då er du klar til å bruke 10.000 kroner av eiga lomme til å betale ei bot?

Martin Malkenes

VIL AKSJONERE MOT FJORDDEPONI: Martin Malkenes (Mdg).

Foto: privat

– Ja, då er eg viljug til å vere med på aksjonar, det står eg ved.

Får fylgje av Malkenes

Bystyrerepresentant Martin Malkenes frå Miljøpartiet dei grøne i Flora seier til Firdaposten at også han vil delta i aksjonar mot fjorddeponi.

– Sjølvsagt skal eg det. Eg skal vere på plass når ting dreg seg til. Det er framleis langt opp og fram til Nordic Mining skal ha tru på at dei får dumpe gruveavfallet i fjorden, seier han til avisa.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå