Hopp til innhold

Han er framleis tidenes skyttar

Årets landsskyttarstemne er godt i gang med innleiande skyting i Sandnes. Men 121 år etter det første stemne vart arrangert i Kristiansund, er det berre ei verkeleg legende.

Lars L. Ese på landsskyttarstemne

SKYTTARKONGEN OVER ALLE: Lars L. Ese d.y. på skive 1 på eitt av landsskyttarstemna han vann.

Lars L. Ese d.y.

Lars L. Ese d.y. 1922–1960.

– Vi har hatt mange stjerner opp gjennom skyttarhistoria. Tredoble skyttarkongar. Fantastiske skyttarar. Men det finst berre ei legende: Lars Ese.

Det seier Landsskyttarstemnet sin faste speaker, Tor Idar Aune.

Trønderen har saman med generalsekretær Terje Vestvik i Det frivillige skyttervesen gitt ut bok om historia til Landsskyttarstemnet (LS).

HØYR: Tor Idar Aune og Terje Vestvik snakke om dei største skyttarstjernene gjennom tidene.

Einaste med fire kongetitlar

Den kommande veka er fleire tusen skyttarar og familiane deira samla til LS 2014 i Sandnes. I forkant av stemnet har NRK Hedmark og Oppland laga ein serie som summerer opp historia til det som er Norges desidert største og lengstlevande skytekonkurranse.

Når det kjem til stjernene blant skyttarane er ikkje Aune og Vestvik i tvil om kven som er den største. Gardbrukaren Lars L. Ese d.y. frå Ese i Balestrand har ingen verken over seg eller på sida innan norsk skyting.

Tor Idar Aune og Terje Vestvik

Tor Idar Aune og Terje Vestvik har, med hjelp frå NRK Sporten sin veteran Per Jorsett, skrive bok om historia til Landsskyttarstemnet.

Foto: Stein S. Eide / NRK

– Han vart berre 38 år gammal, men er den einaste som har vunne Landsskyttarstemnet fire gonger, konstaterer Aune.

– Alle ville sjå Ese

Ese vart skyttarkonge i Os 1947, Bardufoss 1951, Vatne ved Sandnes 1954 og Kongsvinger 1955. Og han vann Stang-skytinga på Landsskyttarstemnet både i 1949 og 1959, i tillegg til og felthurtigskytinga i 1950 og 1954.

Balestrendingen konkurrerte også utanlands og vann Britannia Shield Competition tre gonger. Han hadde også ei rad topplasseringar i armégevær.

– Det var noko heilt spesielt med Ese, og han var ikkje nokon typsik skyttar. Han blir skildra som ei rastlaus sjel. Samstundes hadde han ei stoisk ro når han la seg ned på skytebanen. Då vart han beundra og alle kom for å sjå han. Det var ofte stort publikum når Lars Ese skulle skyte på Landsskyttarstemnet, fortel Aune.

Mens dagens skyttarar er kledde i stive spesialklede i skinn, gjekk Ese i heimevernsklede og ei skinnjakke. Skytereim, som dagens skyttarar nyttar for å liggje heilt stille, var ikkje lov.

Minnestøtta over Lars L. Ese

MINNESTØTTE: Denne bautaen er reist i Balestrand sentrum til minne om skyttarkongen.

Foto: Arild Nybø / NRK

– Han skaut med Krag-Jørgensen geværet som vart nytta fram til 1990. Vi trur han kunne gjort det sterkt også i dag, fastslår Vestvik.

Uvanleg godt syn

I 1960 måtte skyttarlegenda frå Sogn gi tapt kampen mot kreften. Historiene om Ese lever derimot vidare i skyttarmiljøet.

– Noko av det som var så spesielt med Ese var kanskje synet. Det blir fortalt at han som liten gut, 5 år gammal, var med far sin standplass. Guten såg 100 meter bort i skogen og sa at skiva hang opp ned. Ingen av gamlekara ville høyre på guten, men då dei kom bort til skyttargrava etter på såg dei at skiva hang feil veg.

– Det er også spesielt moro at Lars Halvard Ese, son til Lars, vart skyttarkonge i 1980. Det tyder på at dette skyttargenet går i arv, seier Tor Idar Aune.

PS. I 2017 står Førde skyttarlag nok ein gong som arrangør av Landsskyttarstemnet.