Hopp til innhold

Han er ein av verdas mest erfarne fjellførarar

LUSTER (NRK): Med 19 turar til topps på Mount Everest er det berre éin annan som har vore der fleire gonger. I Sogn får turistar æra av å følgje han på Nigardsbreen.

I klatremiljøet blir han kalla kongen av Mount Everest. 19 gonger har den nepalske sherpaen vore på toppen av den høgaste fjelltoppen i verda. Men i år har han sommarjobb i Sogn.

KJENDIS: Mingma Tsiri Sherpa er nærast som ein kjendis å rekne.

For femte året har den nepalske sherpaen sommarjobb på Nigardsbreen. Mingma Tsiri Sherpa trivst godt her.

– Fordi sommarsesongen i Nepal er monsun-tid går eg her på isbreen, seier han.

– Lang erfaring

Steinar Bruheim - dagleg leiar jostedalen breførarlag

NØGD MED FØRARANE: Dagleg leiar i Jostedalen breførarlag, Steinar Bruheim.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

På Nigardsbreen har dei hatt førarar frå Nepal gjennom fleire år.

– Det betyr mykje. Mingma og dei andre er nepalske førarane er flinke. Dei har lang erfaring og er svært interesserte i å gjere ein god jobb, seier Steinar Bruheim, dagleg leiar i Jostedalen breførarlag.

Ikkje alle turistane er klar over kva slags breførar dei har med seg, men blir imponerte når dei får høyre det.

– Det har vore ei glede. Då vi snakka med han, kunne vi ikkje tru kva vi såg. Det har vore ei oppleving å bli leia av ein som har gått Everest 19 gonger. Det er rått, seie Samir Mehta frå Singapore.

Like viktig med tryggleik som i Himalaya

Også André Ijsseltin frå Nederland tykkjer det er kjekt med ein så erfaren førar.

– Vi har ein veldig erfaren guide. Det er godt å høyre og veldig trygt for oss, seier han.

Nigardsbreen blir småtteri for Tsiri Sherpa samanlikna med Mount Everest, men tryggleiken er like viktig på norske isbrear som i Himalaya, meiner han.

– Klatresystemet er det same, men det å leie ei gruppe i høgda på Mount Everest er vanskelegare, og tek lenger tid.

Nigardsbreen

NIGARDSBREEN: Tryggleik er viktig, og ein får god rettleiing før turen startar og undervegs.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK