Hopp til innhold

Han er ein av berre 100 urmakarar i landet

FLORØ (NRK): I 120 år har det det blitt reparert klokker hjå urmakar Johs. Moe. No er det Eystein Moe som held fortet, som ein av berre 100 i landet.

Urmakar Eystein Moe er ein av berre 100 urmakarar att i landet.

PRESISJON: Å byte ein del på ei klokke i dag er ikkje det same som få Eystein Moe starta i yrket for 60 år sidan, men fingernæm må ein uansett vere.

– Eg elskar klokker, konstaterer 77 år gamle Eystein Moe.

I 60 år har han halde hus i lokala i Strandgata i Florø. Der ordnar han kva det skulle vere av klokker. Frå eldgamle taffelur til moderne digitale klokker. Ein kunst berre knappe 100 personar er utdanna til å halde på med.

At Eystein skulle bli urmakar var det derimot aldri tvil om. Bestefaren grunnla butikken i 1896 og sidan har det vore urmakar i lokala.

– Han lurte meg inn i faget. Då eg var 5–6 år, så gav han meg ei vekkarklokke med ein mekanisk feil, fortel florøværingen.

Eit naturleg kall

Bestefaren var nok fullt klar over at den vesle guten ville gjere det han kunne for å løyse oppgåva og syne at dette kunne han få til.

– Eg fann feilen, og var stolt som ein hane. Då visste eg at eg skulle vere urmakar.

I 60 år har Eystein Moe halde på som urmakar, han har planar om å halde det gåande ei stund til.

VED SIN LEST: I 60 år har Eystein Moe halde på som urmakar, han har planar om å halde det gåande ei stund til.

Foto: Ole Andre Rekkedal

I løpet av dei 60 åra han har halde på, så er det mykje som har endra seg. Før laga dei delar til klokkene og måtte finjustere alt, no er det andre tider.

– No er det i grunn å skifte komponentar. Ut med fire skurar, byte delen og så skru igjen.

77-åringen har pensjonert seg, men held framleis yrket i hevd og liv i lokala, og det vil han halde fram me då gjere ei stund til. For medan han gjekk bestefaren sine fotspor er det ingen born eller barneborn som står parate til å gjere det same.

– Dei har ikkje lyst, dei vil ha ferie og fritid. For meg har det ikkje vore skilnad på arbeid og fri, det gjekk i eitt for meg døgnet rundt. Eg må sitte her i alle fall fire år til, elles slår eg ikkje bestefar. han var urmakar i 64 år og eg har berre vore i 60.