Hopp til innhold

Han er ein av 12 forfattarar du bør kjenne

Litteraturelskar Ove Eide har plukka ut forfattarar frå fylket som han meiner alle bør lese.

Jakob Sande

JAKOB SANDE: – Alle kjenner til Jakob Sande, seier mannen bak den litterære fylkeskanonen, Ove Eide. Han trekk fram Jon Tollaas og Eldrid Lunden av dei tolv på lista som han meiner absolutt alle bør lese.

Foto: NTB/Scanpix

– Bøkene til desse forfattarane meiner eg framleis er levande. Det er gode forfattarar og gode bøker innan ulike sjangrar og ulike historiske periodar, seier Ove Eide.

Fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen saman med Ove Eide på lanseringa av forfattarnettstaden forfatta

FORFATTARAR: Fylkesbibliotekar Siri Ingvaldsen og litteraturelskar Ove Eide, skryt av kvarandre sine prosjekt. Her frå presentasjonen av nettportalen.

Foto: Anja Angelskår Mjelde / Sogn og Fjordane Fylekskommune

Han er sjølv forfattar, og ifølgje fylkesbibliotekar Siri Ingvaldsen, den som har mest inngåande kjennskap til litteraturen frå Sogn og Fjordane.

– Det er eit stort arbeid, som gjev godt innblikk i den eldre litteraturen, seier Ingvaldsen.

Som retningslinje sette Eide seg at alle forfattarane skulle ha debutert før 1990. Han har også prøvde å fordele det slik at det er ei breidde innan sjanger, kjønn, tidsperiode og tema.

– Det er eit tverrsnitt av historia. Desse bør ein lese og kjenne til, for det har med identiteten vår å gjere, seier Eide.

Eigen forfattarportal på nett

Samstundes som Eide presenterer si liste kjem også Fylkesbiblioteket med ei ny nettportal som presenterer forfattarar frå fylket. Til no er over 400 forfattar lista opp. Her kan ein søkje på kommune, sjanger, tiår eller hundreår, og få opp ei lang liste av forfattarar frå sin heimkommune eller favorittsjanger.

Forfattar Hans Sande med boka "Pappa er sjørøvar".

YNGST: Hans Sande er den yngste som er teken med på oversikta til Ove Eide. Han har skrive ei rekkje bøker, noveller, dikt og fått fleire prisar for forfattarskapen sin. Boka 'Pappa er sjørøvar' kom i 2011.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi har lagt mykje arbeid ned i dette. Det er evigvarande arbeid, for det vil alltid kome til nye forfattarar og vi vil oppdage namn som vi skulle hatt med, fortel Ingvaldsen.

Eide er imponert over det nye verktøyet, som ikkje berre kjem litteraturgranskarar til gode.

– For lesarar flest kan det gje ein veg inn i litteraturen. Det er lett å orientere seg om forfattarar og skrivarar ein ikkje veit noko om, men som kan vere verdt å sjå nærare på, seier han.

Forfattarar som er tekne med har alle ei tilknyting til fylket, og vore busette her ein vesentleg periode, og gitt ut minst ei bok på eit forlag. Portalen er laga i samarbeid med Nordland, og dersom fleire fylkeskommunar er interesserte er det lagt opp slik at dei enkelt kan gjere noko liknande.

– Er det ein forfattar eller to ein saknar, så må dei gjerne sende oss tips, oppmodar Ingvaldsen.