NRK Meny
Normal

Han er ei einsam svale

Eksil Kveen frå Stryn har gjort eit noko utradisjonelt val. Han er einaste kombinertløparen frå Sogn og Fjordane.

Eskil Kveen er åleine i fylket om å satse på kombinert.

SATSAR: Eskil Kveen er åleine i fylket om å satse på kombinert. Under konkurransen i Trondheim i helga landa han på 99, 5 meter i sitt lengste hopp.

Foto: Lars Kveen

– Eg bestemte meg ganske tidleg, sikkert då eg var sju år, seier Eksil Kveen.

Han har nettopp avslutta nok ei helg med ski på beina. Denne gongen var det noregscup i kombinert i Trondheim. Laurdag gjekk han inn til 10.-plass og søndag vart det 12.-plass. Dei er ikkje alltid så mange som konkurrerer, men Kveen er vand med å vere ein einsam ulv.

– Det går fint å satse åleine, det er heilt vanleg for meg, seier han og legg til at han er nøgd med helgas innsats, sjølv om kroppen ikkje alltid spelar på lag.

Eskil Kveen hoppar 99.5 meter. Foto: Lars Kveen

Eskil Kveen strekte seg til 99.5 meter i hoppbakken i Granåsen.

Stadig nye rekordar

Og innsatsen står det ikkje på. Medan trivselsfylket har fostra mange gode langrennsløparar og etter kvart også skiskyttarar har det vore færre hopparar, og ingen innan kombinert. Til no. Hoppbakkane er det også få av.

– I Trondheim gjorde snøforholda at dei måtte hoppe i stor bakke. Det er han ikkje så vand med, men han la på ti meter for kvart hopp han fekk hoppe. Så hadde han fått nokre hopp til kunne det blitt langt, seier far Lars Kveen.

Han sit i bilen på veg heim til Stryn etter å ha følgt son sin på renn. Søndag såg han sonen nærme seg 100 meter i hoppbakken. Han reiser land og strand rundt for å følgje opp og ta del i satsinga til sonen.

– Å satse på kombinert har vore hans val, og vi støttar opp og er med.

Klare mål

Tenåringen si idrettskarriere vart inspirert av hopparane han såg på fjernsyn. Han følgde opp med å hoppe på dei kulane han fann når han gjekk langrenn.

Eskil Kveen satsar for fullt på kombinert.

KOMBINERT: – Det er kjempekjekt å drive med kombinert, meiner Eskil Kveen. Her frå langrennsløypa i anlegget i byåsen i Trondheim.

Foto: Lars Kveen

– Eg starta som vanleg hoppar, men så fann eg ut at eg likte godt å gå på langrenn også. Då var det naturleg å velje kombinert. Eg har hatt stor framgang dei siste åra, og har kome meg veldig, seier Kveen, som i haust starta i 1. klasse på toppidrettsgymnaset på Lillehammer på kombinertlinja.

Dermed er han ikkje lenger fullt så åleine. Der trenar han fram mot årets store mål, NM i Molde i februar.

– Målet er å hoppe endå lenger og få ei betre langrennsform. Og å få ei god plassering i Molde. Topp 15 skal eg klare.

Vegopning på Bergum i Førde kommune