Hopp til innhold

Han er djupt skuffa over partifeller

Heller ikkje i framlegget til statsbudsjett for 2017 kom det pengar til ei landslinje i skiskyting i Stryn. For Høgre-ordførar Sven Flo var det eit stort vonbrot.

Sven Flo

– UTRULEG TRIST: Ordførar Sven Flo (H) er lei eg for at regjeringa ikkje løyver pengar til landslinja, men lovar at han ikkje skal gi seg.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg synest det er utruleg trist at regjeringa ikkje har sett seg i stand til å putte pengar på eit så godt prosjekt, som det har vore jobba med så lenge. Både statsråden og andre sentralt i Oslo veit godt at det er eit prosjekt som vil gagne store delar av Vestlandet, så eg er skikkeleg skuffa.

Er dette eit endeleg kroken på døra for ei landslinje i skiskyting?

– Nei, ikkje så lenge eg er oppe og går, og så lenge eg sit som ordførar i Stryn, kjem eg til å gi meg på denne saka, uansett kven som kjem til å sitte og behandle dette i Oslo.

Når hans eigne partifeller i Kunnskapsdepartementet ikkje har prioritert skiskyttarlinja, vil Flo rette skytset sitt mot stortingsrepresentantar i andre parti for å få landslinja inn i budsjettet.

– Dei neste vekene vil eg alliere meg med aktørar knytte til støttepartia Venstre og KrF, slik at vi kan øve påtrykk derifrå i dei vidare forhandlingane fram mot at det endelege budsjettet skal behandlast.

– Eit lite lyspunkt

Og skulle heller ikkje det lukkast, har ikkje Stryn-ordføraren tenkt å gi seg.

– Eg har snakka med statssekretæren i Kunnskapsdepartementet og har fått stadfesta at søknaden ikkje er avvist. Dei fann ikkje pengar til det denne gongen, men søknaden står ved lag. Det er iallfall eit lite lyspunkt på ein elles mørk dag når det gjeld landslinja.

I Stryn har det vore arbeidd målmedvite med å få landslinje i skiskyting til Stryn vidaregåande skule i tre-fire år. Det som har skjedd siste året med kommunesamanslåingar og regionreform gjer at skulen i endå større grad treng linja, seier Flo.

– Ei landslinje vil uansett styrke både skulen og skiskyttarmiljøet. Linja vil og utvikle området når det gjeld anlegg og toppidrett. Det er mange argument for, og i den store budsjettsamanhengen er det småpengar vi snakkar om.