Hopp til innhold

Han er mest synleg av politikarane

Erling Sande er den av stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane som har vore mest synleg i media siste året. Faktisk har han nådd ut til like mange som dei fire andre representantane til saman.

Erling Sande

MEST SYNLEG: Senterparti-politikaren Erling Sande er meir synleg i media enn dei fire andre stortingsrepresentantane til saman.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Om ikkje mange månadene gir Erling Sande seg som stortingspolitikar. Dermed forsvinn også den politikaren frå fylket som oftast har vore ute og snakka Sogn og Fjordane si sak.

Sande er nemnt i nærare 1000 artiklar i media det siste året. Det viser tal som er henta ut frå medieanalysebedrifta Retriever. Sande seier det er viktig for han å syne att.

– Vi som politikarar er avhengige av kontakt med veljarane. Men det er fem millionar menneske i dette landet, og ein kjem ikkje på tomannshand med alle.

– Media er ein reiskap for oss til å nå gjennom til folk, seier Sande.

Den mest synlege gir seg

Nordfjordingen Erling Sande har sagt at han ikkje vil ta attval til Stortinget. Sidan 2005 har han møtt som varamedlem for Senterpartiet, og etter at Liv Signe Navarsete gjekk inn i Stoltenberg 2-regjeringa har han møtt fast på tinget.

Av omsyn til dei to små barna sine heime i Gloppen har den røynde politikaren no bestemt seg for å takke for seg i rikspolitikken etter valet neste haust.

Når Sande no forsvinn frå tinget betyr det også at Sogn og Fjordane misser sin tydelegaste politikar. Iallfall om ein måler i prosent og tal.

Senterpartiet har henta inn tal frå Retriever, ei av dei største mediebedriftene i Norden som driv med medieovervaking og medieanalyse.

Like synleg som dei fire andre til saman

Tor Bremer

150 ARTIKLAR: Det er talet Tor Bremer frå Ap kan skryte av det siste året.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
Åge Starheim

NØGD: Åge Starheim (Frp) er nøgd med eigen innsats.

Foto: NRK
Ingrid Heggø.

VIL BLI FLINKARE: Ingrid Heggø (Ap) seier ho vil jobbe for å bli flinkare med å kome ut til veljarane gjennom media.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Tala viser tydeleg at Erling Sande er den stortingspolitikaren frå fylket som når best ut til lyttarar og lesarar. Tala er henta frå 1. august 2011 og fram til september i år og viser at Sande har vore nemnt i nærare 1000 artiklar.

Sande når ut til like mange som dei fire andre representantane til saman, til samanlikning var til dømes Tor Bremer frå Arbeidarpartiet nemnt i 150 artiklar.

Senterpartipolitikar Sande når også ut til langt fleire lesarar i heile Norge. 23 prosent av alle utspela, intervjua og meiningsytringane som omhandlar Sande fekk plass i rikspressa.

Ingrid Heggø fekk berre åtte prosent dekning i rikspressa i same periode. Bremer har 14 prosent dekning i rikspressa, Bjørn Lødemel har sju prosent og Åge Starheim frå Frp har berre fem prosent.

Nøgde med eigen innsats

Dette overraskar ikkje stortingsrepresentant Åge Starheim. Han er likevel godt nøgd med eigen innsats.

– Eg har konsentrert meg om Sogn og Fjordane og lokalmedia her. Eg er innvald for Sogn og Fjordane, og eg har lova veljarane i fylket at eg skal fronte deira saker, det har eg vore bevisst på, seier han.

Heller ikkje Heggø er overraska over at politikarkollegaen frå Senterpartiet har vore mykje i media.

– Eg er ikkje veldig overraska, eg har sett Erling Sande i veldig mange artiklar, seier ho og meiner det er fleire årsaker til det.

– Han er komiteleiar og vil då vere stemma utad, også om han hadde vore ifrå Arbeidarpartiet, seier ho.

– Vi jobbar forskjellig

I tillegg meiner Ap-politikaren at dei fem stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane har ulike roller.

– Partia oppfører seg også litt ulikt, eller har forskjellige måtar i forhold til korleis vi sel oss ut.

– I Arbeidarpartiet er det slik at vi prøver å selje oss ut med ei stemme i næringspolitikk, seier Heggø.

– Det er spennande

Bjørn Lødemel som representerer Høgre på Stortinget var nemnt nesten 400 gonger i perioden mellom august i fjor og fram til september i år.

Han er ikkje uroa over tala, sjølv om han ligg langt bak Sande.

– Det er alltid spennande å få slike tal. Då får ein også peiling på korleis ein når ut i media.

– Eg er for så vidt godt nøgd med det eg har fått fram på dei fleste område, seier Lødemel.

Brukar tala som inspirasjon

Han vel no å sjå på tala som rein inspirasjon.

– Det er klart det også for meg er viktig å vere i media. Ei slik undersøking inspirerer meg til å vere meir på, seier Høgre-politikaren.

– Dette viser at vi har veldig mykje å gå på. Vi må prøve litt meir, vere litt meir aktive og litt flinkare, seier Heggø.

Bjørn Lødemel

INSPIRASJON: Høgre-politikaren Bjørn Lødemel vil bruke tala som inspirasjon vidare.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK