NRK Meny
Normal

Han er den femte stortingsrepresentanten vår

Sigbjørn Gjelsvik (43) frå Naustdal er vald inn på Stortinget for Senterpartiet frå Akershus. Men han vil gjerne tale Sogn og Fjordane si sak også.

Sigbjørn Gjelsvik

HAR PRØVD TALARSTOLEN PÅ STORTINGET: Sigbjørn Gjelsvik ser fram til å drive Sp-politikk saman med 18 andre på Stortinget.

Foto: Intisaar Ali / NRK

I så måte tek han opp arven etter ein annan utflytt naustedøl, Bård Vegar Solhjell. SV-aren har sagt takk for seg etter åtte år på Stortinget, også han vald inn frå Akershus.

Gjelsvik er mest kjend for vervet som leiar i Nei til EU i mange år. No bur han i Sørumsand, og vart med den framgangen Senterpartiet hadde i valet den første frå det partiet på Stortinget på 12 år.

Torsdag var han i Stortinget saman med dei andre 18 representantane, både for å feire valresultatet og for å kjenne på det som blir den nye kvardagen hans.

– Eg har vore og prøvd talarstolen i stortingssalen. Det var veldig spesielt.

– Ærefrykt

Dei to føregåande Sp-representantane frå Akershus var Anne Enger Lahnstein og Åslaug Haga. Gjelsvik seier at det forpliktar.

– Eg må vedgå at det er med ei viss ærefrykt eg fylgjer etter to store politikarar som dei.

Han kan gle seg over at Akershus var eitt av fylka der Sp fekk størst framgang. Talet på røyster til partiet vart meir enn dobla frå 2013.

– Det er heilt fantastisk, det same er resultatet i Sogn og Fjordane og i landet elles, i bygd og by. Det syner kva kraft det har vore i den motstanden mot sentralisering partiet har stått for.

– Stort hjarte for Sogn og Fjordane

– Vi har fire stortingsrepresentantar frå Sogn og Fjordane. Kan vi seie at du er vår femte?

– Ja, absolutt. Eg har framleis eit stort hjarte for Sogn og Fjordane. Foreldra mine bur i Naustdal, og eg prøver å vere der med ungane mine iallfall eit par gonger i året. Eg har vore lokalpolitikar i Naustdal og fylkespolitikar i Sogn og Fjordane, og eg fylgjer framleis godt med på det som skjer.

Sigbjørn Gjelsvik seier at sjølv om dei raudgrøne ikkje fekk fleirtal og kunne ta over regjeringskontora, så kjem landet til å få merke at Senterpartiet har fått ei langt større og meir slagkraftig stortingsgruppe.

– Det handlar om å sette dagsorden og trekke politikken i rett retning. Den regjeringa som sit no er kraftig svekt, både Høgre, Frp, Venstre og KrF har alle gått tilbake ved valet. No må alle fire vere samde i kvar sak om dei skal ha fleirtal. Vi skal gjere livet krevjande for dei som sit i posisjon.

Gjekk frå Oslo til Loen

Gjelsvik har tidlegare vist at han kan vere uthaldande når han vil markere ei sak. I 1996 gjekk han 44 mil til fots frå Oslo til Loen i protest mot at han som student i Oslo ikkje fekk dekt reiseutgiftene til kommunestyremøte.

– Eg er sikkert ikkje like sprek som den gongen, sjølv om eg sprang halvmaraton i år. Men eg er framleis tydeleg i bodskapen, og det trur eg veljarane set pris på.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.