Hopp til innhold

Han er brøytestikka sin far

Vegoppsynsmann John G. Aase frå Gaular blir rekna for å vere brøytestikka sin far. No, 85 år etterpå, kunne knapt nokon ha sett føre seg ein vinterveg utan.

John G. Aase vert rekna for å vere brøytestikka sin far

VAR DEN FØRSTE: John G. Aase frå Gaular vert rekna som brøytestikka sin far. Til venstre ser du ei av dagens brøytestikker på riksveg 5 i Sogndalsdalen.

– Han var ein fantastisk oppfinsom og arbeidssom kar, seier Henning Rivedal om John G. Aase.

Rivedal var ein av dei som stod bak arbeidet med å få på plass ein minnestein for Aase. Etter at han vart kontakta av sonen, Jostein Aase, fekk dei i 2008 reist ein minnestein på Svidalsneset like ved dagens E39 i Jølster.

  • LES OGSÅ:

– Alle køyrde av vegen

Og nettopp der såg den første brøytestikka dagens lys.

– I gamle dagar køyrde folk ut av vegen med det same det kom snø, og det var ei veldig plage å få alle opp att, fortel Rivedal.

Men John G. Aase visste råd. Han var den gong vegoppsynsmann og hadde ansvar for vegen Støfring-Hegrenes-Ålhus langs Jølstravatnet.

– Han kom på at han skulle sette opp nokre stikker i vegkanten som merka kor den var. Og plutseleg heldt bilane seg på rett kjøl, fortel Rivedal entusiastisk.

– For det første vart det mykje mindre skade på bilane, og sjølv om det ikkje var så mange bilar på den tida, så var det heller ikkje så mange reparasjonsverkstader.

(Artikkelen held fram under biletet)

Riksveg 13 over Gaularfjellet, fotografert i mai 1952

STAUR: På dei høgste fjellovergangane blir det framleis i dag brukt brøytestikker som minner meir om store staurar. Bette biletet viser brøytestikker over Gaularfjellet i mai 1952.

Foto: Kåre Norddal/Norsk Vegmuseum

– Den æra skal han ha

Etter at minnesteinen for brøytestikka sin far kom opp i 2008, var det enkelte som stilte spørsmål om han faktisk var den første. Men Rivedal meiner historia viser at han iallfall er den første ein kan dokumentere at tok i bruk brøytestikka.

I talen sin under avdukinga viste han til både Norsk Vegmuseum si årbok frå 2003, og til Meddelelser frå Veidirektøren der brøytestikka første gong vart omtalt i 1931.

Amanuensis Anne-Mette Nielsen ved Norsk vegmuseum kom til same konklusjon i Årbok for Norsk vegmuseum i 2003:
”…regner vi dermed at John G. Aases oppfinnelse fra 1928; bøyelige brøytestikker, var en nyhet som ikke kom i vanlig bruk over hele landet før etter den periode vi har undersøkt.” Nielsen støttar seg til ”Meddelelser fra Veidirektøren 1920-35”. Der er brøytestikkene for første gong omtalt i 1931.

Henning Rivedal sin tale under avdukinga av minnesteinen

I dag er brøytestikker blitt sjølvsagt for dei fleste.

– Det er veldig mykje som har forandra seg sidan han fann den opp, og den æra skal han ha, seier Rivedal.

Arbeidslaus ungdom set brøytestikker i Holmestrand, biletet er frå 1983

SETT I ARBEID: Biletet er frå Holmestrand i 1983, der arbeidslaus ungdom vart sett i arbeid med å setje ut brøytestikker på E18.

Foto: Jan Haugerød/Norsk Vegmuseum