NRK Meny
Normal

Han er årets idrettsnamn

Olav S. Egge vart kåra til årets idrettsnamn under idrettskonferansen på Skei i dag.

Olav S. Egge årets idrettsnamn

HEIDER: Her har Olav S. Egge fått kunst og blomar etter at det vart klart at han er årets idrettsnamn i Sogn og Fjordane. Bak står krinsleiar Nils R. Sandal.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Vi ønskjer å heidre personar som har utmerka seg spesielt, men det er ikkje den lettaste jobben når vi har så mange dyktige personar som gjer ein stor jobb, sa krinsleiar Nils R. Sandal før han presenterte vinnaren.

Idrettskrinsen valde til slutt Olav S. Egge frå Breimsbygda idrettslag som årets idrettsnamn 2015.

– Dette var eit positivt sjokk. Eg vil takke for den æra som er vist meg. Det setter eg stor pris på, sa Egge etter å ha motteke heideren.

Ein nestor for idrettslaget

– Han har vore ein nestor i idrettsrørsla i Breimsbygda gjennom ei årrekkje, og blir ofte omtala synonymt med idrettslaget. Han har lagt til retta for at Breimsbygda har fått utvikla seg så godt som dei har, fortalde Sandal.

I Breim bur det 1500 personar, 1000 av desse er medlem i idrettslaget.

– Det seier noko om idrettslaget sin status i ei relativt lita bygd, sa Sandal.

Heilstøypt idrettsmann

Krinsleiaren omtalar Egge som ein heilstøypt idrettsmann og ein idrettsorganisator og motivator. Trass i at han har blitt pensjonist er han framleis aktiv i idrettslaget.

Kriteria for årets idrettsnamn 2015 var at vedkomande skal ha gjort ein solid innsats over fleire år, god sportsånd, positive haldningar og leve opp til idretten sine kjerneverdiar, vise solidaritet og lojalitet. Han skal leggje vekt på samhandling og trivsel, gje ei ekstraordinær innsats for lokalmiljøet, markert seg ekstra som leiar, trenar eller andre frivillige oppgåver, samt ha god idrettskompetanse gjennom skulering og lang erfaring.

– Fleire i Breim har sagt at dersom nokon skulle vere ein såkalla samarbeidsminister, så ville Egge fylle den rolla godt.

Årets idrettsnamn

MANGE DYKTIGE: Desse var nominert til årets idrettsnamn 2015.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser