Utnemnd som æresmedlem i Bondelaget

Alf Støfring vart i går utnemnt som æresmedlem i Bondelaget under årsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag torsdag.

Alf Støfring

STOLT: Alf Støfring vart torsdag utnemnt som æresmedlem i Bondelaget.

Foto: Sogn og Fjordane Bondelag

Støfting var i fleire år leiar for Landbruksdagane i Sogn og Fjordane, og har vore både lokallagsleiar og fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

Støfring er den av fylkesleiarane i Sogn og Fjordane Bondelag som har hatt vervet lengst, og sat i sju år. Støfring fekk også tillit i årsmøtet i Norges Bondelag, der han vart vald til medlem og seinare leiar i Norges Bondelag si valnemnd.

Støfring var i sitt arbeid som fylkesleiar også initiativtakar til å få etablert Mjølkeprosjektet for fylket med eigen prosjektleiar.