NRK Meny
Normal

Han er 12 – og er klar for sin første landskamp

Måndag kom telefonen Jakob Stavang Stubhaug (12) har venta på. Om knapt to veker skal han representere Norge i aldersbestemt landskamp i golf i Danmark.

Jakob Stavang Stubhaug

KLAR FOR LANDSKAMP: Jakob Stavang Stubhaug fri Florø.

Foto: Privat

– Han gler seg veldig. Eg trur han har hatt det i bakhovudet heile sesongen, seier pappa Magne Stubhaug.

Til landskamp vert den som er best rangert i kvar årsklassen mellom 13 og 18 år teken ut, ein av kvart kjønn. Totalt er 12 spelarar tekne ut i den norske juniortroppen som skal kjempe for dei norske fargane.

Årets landskamp skal arrangerast i Rungsted, om lag 30 kilometer nord for København i Danmark i slutten av haustferien.

Første gong han er aktuell for landskamp

– Det kom litt brått på, det må seiast. Men heldigvis har Jakob fri, sidan det er haustferie, så han blir med troppen som dreg i to minibussar frå Oslo. Så får vi så om ikkje resten av familien også kjem seg nedover for å sjå på, seier Stubhaug.

Florø-guten fyller 13 år i løpet av oktober, dermed er det første gong han er aktuell for å representere Norge i landskamp.

– Dette er første moglegheit han har fått, og det er jo basert på resultata han har synt i heile år. Men det vert nok berre vanskelegare år for år, så det kan vere lurt å ta sjansen når den byr seg, seier Stubhaug.

Vart fylkesmeister for nokre veker sidan

Jakob har hatt ein brukbar sesong, sin unge alder til trass. Mellom anna vart han fylkesmeister i Sogn og Fjordane, etter omkamp med ein vaksen golfspelar.

12-åringen spelar på det høgste juniornivået, i den såkalla Titleist Tour, og har i år delteke på seks av åtte turneringar.

I landskampen, der Norge skal konkurrere mot Sverige og Danmark, er det lagt opp til to konkurransar.

– Den eine dagen spelar dei lagvis med gut og jente på lag, der dei spelar om kvart hol og slår annakvart slag. Andre dagen er det individuell kamp der kvar utøvar kjempar mot dei to andre i si årsklasse. Så slår ein i hop alle resultata til slutt, seier landslagstrenar for junior, Niklas Diethelm.

Har jamt over høgt nivå

For dei yngste spelarane er det kanskje første gong dei er i ein posisjon der dei får måle seg mot jamaldringar frå andre nasjonar.

– Det er eit høve for både oss og dei for å finne ut kva nivå dei litt på, seier Diethelm.

Han peikar på at Norge er ein sterk golfnasjon, spesielt på juniorsida.

– Det er nesten ingen som er betre på juniornivå enn oss, både når ein tenkjer VM og EM. Men dei sluttar for tidleg. Det er vår største utfordring, seier Diethelm.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå