Hopp til innhold

Han dokumenterer farleg bilkøyring

Hasardiøse forbikøyringar fører kvart år til dødsulukker i trafikken. Dette vil ein køyrelærar i Florø ha slutt på.

Geir Gaasøy
Foto: Jørgen Eide / NRK

Geir Gaasøy har bestemt seg for å ta kampen opp mot dårleg oppførsel i trafikken - ved hjelp av kamera. Han filmar livsfarlege situasjonar i trafikken.

– Eg blir redd og forbanna over det eg ser. Eg blir så oppgitt at eg nesten blir på gråten.

Mange med kamera i bilen

Med kamera på dashbordet har den erfarne køyrelæraren byrja å filme alt han ser av farleg køyring. Det meiner han bør få potensielle trafikkbøller til å tenke seg om.

– Eg skjønar ikkje at folk tek sjansen. Det er mange som køyrer rundt med kamera i bilen, så alt som skjer framfor dei er fullt dokumenterbart.

Politiet får fleire og fleire tips om farleg køyring langs vegane i Hordaland og Sogn og Fjordane. Regionlensmann Jan Egil Tvinde er uroa.

– Kvar veke får vi tips om folk som ikkje oppfører seg som dei skal i trafikken frå medtrafikantar som er skremde. Det at vi ahr såpass liten trafikk er nok årsaka til at det ikkje skjer fleire ulukker.

Sjå sak i Vestlandsrevyen:

Køyrelærar filmar farlege medtrafikantar.

Foto: Jørgen Eide, redigering: Eide/Rekkedal.