Hopp til innhold

Han bytta ut kontoret med operasjonssal

Den nye toppsjefen i Helse Førde vil ikkje vere noko kontorrotte. På berre ei veke har han fått oppleve både blod og opne sår på jobb.

Arve Varden

SKAL INNOM ALLE EININGANE: Helse Førde-sjef Arve Varden skal no innom alle einingane i helseføretaket.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Førre veke starta Arve Varden i stillinga si som administrerande direktør i Helse Førde, og det ser ikkje ut til at kontorstolen hans vert utsliten med det første. Mannen frå Høyanger hadde som mål å kome innom alle sine 2500 tilsette i tida framover, men no har han innsett at det blir alt anna enn lett.

– Eg har tatt meg vatn over hovudet, så eg må nok moderere meg litt. Det blir til at eg skal innom alle einingane i Helse Førde, seier han.

Varden har allereie vore innom ein operasjonssentral for å sjå korleis ein operasjon blir utført på Førde sentralsjukehus.

– Eg greidde meg rimeleg bra, og var inne i 10 minutt. Det var blod, men eg trengde ikkje assistanse for å komme meg ut av salen, ler han.

Det blir mykje bilkøyring framover. Innan 2018 har han mål om å komme innom alle einingane i Helse Førde.

– Det er viktig for tilrådingane som eg skal gi. Eg må sjå med eigne auge korleis ting fungerer, og korleis tilsette har det på jobb.

– Vi må gjere endringar

Varden tok over sjefsstolen i eit helseføretak som har vore prega av ein langvarig konflikt over fleire år. Den nye sjefen meiner at miljøet ikkje er så verst i Helse Førde.

– På enkelte einingar er det godt arbeidsmiljø. Utfordringa er å få til ei felles forståing for endringane som må skje. Vi må gjere endringar som alle andre føretak.

Det blir eit knipent budsjett å rutte med framover. Styreleiar Agnes Landstad varsla innsparingar på opp mot 43 millionar kroner i 2018.

– I 2018 har vi mål om å levere eit resultat på 28 millionar i Helse Førde. Vi kan ikkje gjere alt på same måte som i dag, så då må vi sjå på omstilling.