Hektiske førebuingar før vatnet flaumar over

Varselet om store nedbørsmengder gav ikkje akkurat Agnar Horstad ein rolegare arbeidsdag.

Agnar Horstad rydder opninga av ei vassdrenering.

SJÅ VIDEO: Agnar Horstad syt for at vatnet går dit det skal. (FOTO/REDIGERING: ELIAS ENGEVIK)

Torsdag var det hektiske førebuingar på gang, før vatnet flaumar over.

– Tettar det seg her, så går vatnet berre ein veg, rett i vegbana, seier Agnar Horstad ved uteseksjonen i Naustdal kommune.

80 kilometer veg

No på hausten fell lauv og greiner av trea og legg seg ofte i grøfter og kumlokk. Det er ikkje heilt uproblematisk når nedbøren kjem.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skjekker kumlokk

FØREBUDD: Agnar Horstad sjekkar at alt er i orden før regnet kjem.

Foto: Elias Engevik / NRK

– Det tettar opningane og vatnet flyt rundt og opp i vegbana, noko som øydelegg vegen, meiner Horstad.

– Når dei store mengdene med regn kjem, er det allereie for seint å byrje å grave i grøftene for oss som har 80 kilometer med veg i kommunen.

Våte dagar i vente

Marit Fundemark, statsmeteorolog for vestlandet melder om mykje regnvêr dei neste dagane.

– Det blir skikkeleg grisevêr, vått og vindfullt. Desse nedbørsmengdene vi får på fredag og laurdag uroar oss. Det blir lokalt mykje nedbør, det blir vind på kysten og i fjellet kjem det snø.

Det blir skikkeleg grisevêr

Marit Fundemark / statsmeteorolog for vestlandet

– Må vere føre var

No når meteorologane sender ut OBS-varsel om store nedbørsmengder, må tette avlaup og grøfter ordnast på førehand.

Når Horstad ser slike meldingar veit han av erfaring kva dei må gjere.

– Arbeidsoppgåvene blir fordelt, vi er tre mann som køyrer rundt i kommunen for å kontrollere grøfter og vassdreneringar, seier han.