Hopp til innhold

Dei som ringer trur Henrik (12) er psykiater

FØRDE (NRK): Henrik Stubhaug i Angedalen i Førde har ein telefon med nesten same nummeret som ein lege knytt til Psykiatrisk klinikk Sandviken sykehus i Bergen. Det har plaga familien i snart ti år.

Henrik Stubhaug

MYKJE MAS: Henrik Stubhaug med telefonen som stadig blir oppringd frå Sandviken sykehus.

Foto: privat

For særleg i helgar og på natt- og kveldstid ringer det. Dersom dei tek telefonen er det som regel ein tilsett på Sandviken som vil informere vakthavande lege om eitt eller anna, fortel Olaug Tefre Stubhaug.

– Av og til berre pratar dei i veg om at den og den pasienten er klar til undersøking eller henting før vi får fortalt dei at dei har ringt feil nummer.

Telefonen til Henrik

STADIGE TELEFONAR: Anropslista til Henrik er full av telefonar frå Sandviken sjukehus.

Foto: Privat

No er det 12 år gamle Henrik som har denne telefonen. Han har utstyrt den med eigen ringelyd for dei nummera som feilringinga plar kome frå - ei ambulansesirene.

Men det starta då systera fekk telefon i 11-årsalderen. Ho har no passert 20 år.

Stilt ei stund

– Det tok ikkje lang tid etter at ho fekk telefonen før ho fekk den første oppringinga som skulle ha gått til ein lege. Det gjentok seg, trass i at vi fortalde at det var feil nummer. Eg bad om å få snakke med dei, og då beklaga dei. Så var det stilt ei stund, men snart var det i gang igjen, fortel mora.

Det som truleg har skjedd er at nokon har tasta feil når dei la inn eit hurtigval på Sandviken sykehus, og av ein eller annan grunn har det ikkje blitt retta - på snart ti år. For bortsett frå eitt siffer er nummeret identisk med nummeret til familien Tefre Stubhaug. Eit nital i det eine nummeret er null i det andre.

Henrik og Olaug Stubhaug

MED PROBLEMTELEFONEN: Henrik (12) og mora Olaug Tefre Stubhaug.

Foto: privat

Ofte seks-sju oppringingar på ei natt

Dottera vart så lei av alle oppringingane at ho bestilte seg nytt nummer, og så vart telefonen liggande ubrukt i rundt eitt år. Då tok Henrik den i bruk.

– Vi har sagt at han ikkje treng svare når det er frå desse nummera som startar på 5595, og på nattetid har han telefonen på lydlaus. Når vi sjekkar loggen ser vi at han enkelte netter har fått seks-sju oppringingar.

Vil ikkje byte nummer

Olaug Tefre Stubhaug har fleire gonger vore i kontakt med folk frå sjukehuset, og har fått det rådet at dei kan skifte nummer for å sleppe plaga.

– Men av prinsipp har vi ikkje gjort det. Det er ikkje vår feil at folk ikkje tastar rett nummer. Eg synest dei burde gjere noko for å unngå feilringing.

Sandviken sykehus

HERIFRÅ KJEM OPPRINGINGANE: Psykiatrisk klinikk Sandviken sykehus i Bergen.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Beklagar

Klinikkdirektør Kristin Jordheim Bovim seier ho beklagar på det sterkaste at familien i Angedalen har måtta leve så lenge med eit slikt problem.

– Kvifor nummeret blir slege feil så ofte veit eg ikkje, truleg må det skrivast på kontoen for travelheit og stress hos personalet.

Ho meiner den einaste løysinga er at den aktuelle vakttelefonen blir skifta ut.